Stisykling på Haugsvarden

Address: 6823 Sandane Dato: Fredag 2 aug 2019 - fredag 2 aug 2024 Vis kart

Address: 6823 Sandane

Dette er ein typisk topptur, som gjer seg best om ein køyrer bil så langt det går. Men vi anbefalar sjølvsagt at ein syklar. Startpunkt for turen er Nordfjord Folkehøgskole utanfor Sandane. Følg E39 vestover ut frå Sandane sentrum. Avkøyringa til folkehøgskolen er på høgre side. Følg skilting under vegen på motsatt side til skulen, parkér her. Sykle/kjør så tilbake mot Sandane igjen. Etter 3,5 kilometer tar du av til venstre, skilt mot Fjellbygda. Bratt stigning på asfalt, og deretter grus. Etter eit lite stykke på grus, tar ein 180 grader til høgre, gjennom eit gårdstun, og videre på grusvei. Deretter bom der ein må betale, hugs pengar! Fortsett så på denne grusvegen helt til Tystadstøylen, der det er ein parkeringsplass.

Her går stien oppover, gjennom støylen, ver gjerne snill med grunneigarane og sett minst mogleg spor i vått terreng. Stien følgjer vidare ryggen oppover. Du skal i første stikryss holde til venstre mot Haugsvarden, som du no ser til venstre for deg. Lomvatnet ligger på venstre side av stien. Fin flytsti, med nokre litt steinete parti mot toppen. Frå Haugsvarden har du utsikt utover Nordfjord, og Sandane Lufthavn. Ved toppunktet er det berre å snu, og sykle samme veg ned igjen til parkeringsplassen. Super utforkjøring med fin flyt, og nokre meir tekniske parti ned mot Tystadstøylen.

Nede ved parkeringsplassen ved Tystadstøylen er første del av stien unnagjort. No syklar du grusvegen nokre meter tilbake der du kom frå, no droppar stien ned til høgre. Bratt og meir teknisk terreng ventar, køyr med hovudet. Hugs å stenge grindene etter deg.

Etter kvart kjem du  ned til eit gardstun. Her følger du grusvei til høgre, til den deler seg i tre. Ta til høyre, på traktorvei, som går over til sti. Følg stien nedover tett barskog, helt til du kjem ut på E39 ved folkehøgskulen.

Vis meir

Anledning

Dato    
15 Sep
Søndag 15 sep 2019
16 Sep
Måndag 16 sep 2019
17 Sep
Tysdag 17 sep 2019
18 Sep
Onsdag 18 sep 2019
Pensjonat og B&B

Stryn Vertshus

Avstand: 30,2 km
Stryn Vertshus ligg midt i hjertet av Stryn sentrum ved Per Bolstadplass. Her er det stort fokus på personleg service og målet er at du som gjest skal nyte opphaldet frå start til slutt. Det er gåavstand til busstasjon, restauranter og butikkar.

Pris frå 990 NOK

Per rom/natt
Pris frå 990 NOK
Hotell

Nordfjord Hotell

Avstand: 18,3 km
Nordfjord Hotell har 54 velutstyrte gjesterom med 110 sengar. Hotellet har restaurant med eit godt kjøkken, bar, moderne møteromsavdeling for inntil 250 personar samt nytt badehus med SPA og treningssenter. Hotellet har heis.

Pris frå 1500 NOK

Per rom/natt
Pris frå 1500 NOK