Langrenn | Nordfjordeid

Vis kart

Langrenn ved Tua i Stigedalen

Løypepreparering på Tua

Fellesanlegget- Tua står for løypeprepareringa i lysløypa, leikeanlegget og turløypa til Movatnet. Når forholda på Movatnet tillater det, blir løypa forlenga med skuterspor til Rindalsstøylen.

Men:

Denne løypeprepareringa kostar og difor må brukarane betale for seg.

Betalingssatsar

Er du eller familien din ein storbrukar av løypenett/parkering på Tua: Kr. 1000,-

Er du eller familien din ein flittig gjest: Kr. 500,-

Er du ein «småbrukar» eller ein som berre vil gi ei støtte til eit positivt og frivillig arbeid i bygda: Kr. 300,-

Innbetaling til dette kontonummeret: 3790 11 36352

Fellesanlegget- Tua er ein frvillig organisasjon som brukar eit 6-sifra beløp på løypepreparering og tilrettelegging for parkering kvart år. Vi ventar at alle som nyttar løypene og parkeringsplassar betalar for seg.

Vis meir

Om denne aktiviteten

Pensjonat og B&B

Stryn Vertshus

Avstand: 30,9 km
Stryn Vertshus ligg midt i hjertet av Stryn sentrum ved Per Bolstadplass. Her er det stort fokus på personleg service og målet er at du som gjest skal nyte opphaldet frå start til slutt. Det er gåavstand til busstasjon, restauranter og butikkar.

Pris frå 990 NOK

Per rom/natt
Pris frå 990 NOK
Hotell

Nordfjord Hotell

Avstand: 8,4 km
Nordfjord Hotell har 54 velutstyrte gjesterom med 110 sengar. Hotellet har restaurant med eit godt kjøkken, bar, moderne møteromsavdeling for inntil 250 personar samt nytt badehus med SPA og treningssenter. Hotellet har heis.

Pris frå 1500 NOK

Per rom/natt
Pris frå 1500 NOK