Turløyper Stryn

Turløyper til alle årstider rett utanfor Stryn sentrum.

Mellom Stryn Skisenter og Ullsheim i Markane er det eit fantastisk turområde. Lett kupert terreng, fine sætrar og utsikt til fjell og fjord. Godt utbygd langrennsløypenett med opptil 40 km preparert spor for friteknikk og klassisk. 2 + 5 km av løypa har lys.

Utgongspunkt for turane er Stryn eller Ullsheim (14 km frå Stryn sentrum). Dei faste løypetrasèane for trening og konkurranse på Ullsheim er finplanert og kan nyttast på lite snø. Alle løypene stettar også krava til FIS. Det er parkeringsplassar for ca 500 bilar i området.

Verdien på Skianlegget Ullsheim er på kr 12,3 mill. ferdig utbygd, og det er nedlagt meir enn 25.000 dugnadstimar. Ullsheim har vore arena for t.d. NM på ski i 1996, Junior VM i 2004 og Junior NM i 2010.
I samband med parkeringsplassen ligg varmestove med toalett og enkel matservering. Gode parkeringsforhold både i Stryn og på Ullsheim. Stryn Vinterski er tilknytta turløypenettet til Turløyper Stryn.
Følg Turløyper Stryn på skisporet.no og på Facebook for oppdatert informasjon.

Vis meir
Build: 03.06.2020 09:10:04, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails