Øvstefossen

Address: 6798 Hjelledalen Vis kart

Address: 6798 Hjelledalen

Øvstefoss ligg langs den nasjonale riksvegen (RV 15) i enden av Hjelledalen, nokre hundre meter før avkøyrsla til Gamle Strynefjellsvegen.

Opplevingspunktet ved Øvstefoss vart opna i mai 2010. Stien ned til utsiktspunktet ved fossen er sikra med rekkverk. Frå utsiktspunktet nede ved fossen vil du kunne sjå den spektakulære Øvstefoss og det tronge gjølet der elva renn vidare nedover.

Fin stoppeplass ved riksvegen der det er plass for både bilar og bussar. Ca 150 meter sti ned til utsiktspunktet ved fossen.

Vis meir
Build: 11.12.2019 13:33:30, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails