Baggehola

Dato: Fredag 15 nov 2019 - fredag 8 nov 2024 Vis kart

Kulturløype på Ulvedal

Kulturløypa tek deg med gjennom fin natur til mange interessante attraksjonar. Kulturløypa på Ulvedal er ei rundløype på ca 2,5 km som går gjennom lett skogsterreng med moderat stigning. Her er ein innom mange av dei kulturhistoriske attraksjonane på Ulvedal. På sommarstid kan ein guide ta med grupper og fortelje om historiene som ligg bak attraksjonane.

Attraksjonane som blir besøkt er: Kvernhusdalen, Vetestova, Sagedammen, Tjærehjellen og husmannsplassen Rabben. På sidene til kvar attraksjon kan ein lese meir om historia bak, og mykje om livet på gardane før i tida.

Vetestova
Vetestova er ei tusen år gammal vakthytte frå det gamle vetesystemet. Den er den einaste i sitt slag som står på sin opprinnelege plass. På denne staden har bøndene i bygda vakta veten i fleire hundre år. Håkon den gode (konge 945-961) har fått æra av utbygginga av vetesystemet i landet, sjølv om det også før denne tid vart bygd veter som sende signal.

Når fienden kom inn frå havet, vart vetane langs kysten kveikte, og vaktmannskap sytte for at det same skjedde innover i landet. Her på Ulvedal hadde dei som oppgåve å halde auge med veten på Dimma i Gloppen. Når røyk og eld steig opp frå Dimma, vart bålet kveikt her på denne haugen. Dermed gjekk meldinga til Bergsida ved Stryn og vidare derifrå. Etter den tids målestokk var dette ei effektiv meldeteneste som gjekk langt snøggare enn fienden kunne ta seg fram. Meldinga om ufred gjekk frå sør til nord i landet på 7 dagar, gjennom vetesystemet med sine 800-1000 vetestader. Vetestova er ein del av kulturløypa på Ulvedal.

Kvernhusdalen
Ved elva Ulva ligg 7 nyrestaurerte kvernhus som fortel om kornproduksjon i farne tider.

Sagedammen
Dette spesielle sagbruksmiljøet består av eit vassreservoar (restaurert 1997-98), oppgangssag (restaurert 1997-99), overvasshjul, Ulva Sag og Høvleri, eldhus med bakaromn og ei smie (ferdigstilt våren 2007). Kulturparken rundt Sagedammen på Ulvedal er ein populær stad for både private og større arrangement. For bestilling av kulturparken Sagedammen til arrangement, ta kontakt med Nordfjord Fritidssenter.

Rundt Sagedammen ligg 2 gamle sagbruk og eit overvasshjul. Eit eldhus er reist med bakaromn som vert flittig brukt ved arrangement. Brøda frå denne omnen er svært populære. Våren 2007 var ei smie ferdigstilt.

Husmannsplassen Rabben
Husmannssystemet var i eldre tider ofte den einaste måten for folk å livberge seg på. Rabben er ein slik husmannsplass som skriv seg frå tidleg på 1800-talet.

Tjærehellen
For å skaffe seg tjære til impregnering av trematerialar, seletøy ol, vart det bygt tjærehjellar. Tjærehjellen på Ulvedal er nyrestaurert.

Baggehola
Helje Bagge var ein lovlaus som i middelalderen gøymde seg i Baggehola for å overleve. Soga seier at under eit ting på Heggdal i Innvik, tidleg på 1500-talet, vart ein fut klemd i hel mellom veggen i tingstova og ei stor steinhelle som var bruka som tingbord. Drapsmannen heitte Helje Bagge. Han rømde og gøymde seg i ei hole i Ulvedalsfjellet, og der budde han i tre år. Kona hans rodde over fjorden i løynd og sytte for at han fekk mat som vart lagt på avtalt stad. Helje skulle verte løyst frå si fredløyse om han ville dra til Selje og drepa ein ugjerningsmann som løynde seg i Selje kloster. Helje drog saman med sonen sin og drap denne mannen og vart så fri mann. Fram til midten av dette århundre var det ingen som hadde funne fjellhola som vart fortalt om i denne mange hundre år gamle segna. Etter at ho vart funnen er det bygt trapper og stigar som gjer det mogeleg for alle å sjå hola og det ville fjellet rundt.

Vis meir

Anledning

Dato    
15 Nov
Fredag 15 nov 2019
22 Nov
Fredag 22 nov 2019
29 Nov
Fredag 29 nov 2019
6 Des
Fredag 6 des 2019

Om denne aktiviteten

  • Kontaktperson
    Ottar Ulvedal
Build: 13.11.2019 14:01:08, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails