Briksdalen

Dato: Onsdag 18 sep 2019 - onsdag 18 sep 2024 Vis kart

Briksdalen ved Briksdalsbreen

Den mektige Briksdalsbreen er ein del av Jostedalsbreen Nasjonalpark. frå 1200 meters høgd stuper det ville brefallet heilt ned i den frodige, tronge Briksdalen - eit syn som kvart år trekkjer til seg gjestar frå heile verda. God mat og drikke, overnatting i fjellstove, leiligheit eller hytte, fjellturar og eit innhaldsrikt suvenirhus gir deg gode minner frå Briksdalen.

Briksdalsbreen ligg i enden av Oldedalen, rundt 20 km frå Olden. Frå fjellstova er det ein om lag 3 km lang grusveg opp til breen. Du kan gå eller bli køyrd i open bil. "Trollbilane" køyrer 2,5 km og dei siste 500 meterane må ein gå. Stien er tilrettelagt for rullestol og barnevogn. Briksdalsbre Fjellstove er open frå mai til september.

Brebuss frå Stryn kvar dag frå 1.juni til 31.august.

Mange aktivitetar
I tunet ved fjellstova kan du stige på for Trollbilsafari til breen.
Fjellstova er også eit fint utgangspunkt for fjellturar til Oldeskaret og Kattanakken.
Langs naturstien kan du oppleve korleis den vidjetne Briksdalsbreen har forma det frodige dalføret gjennom fleire tusen år.
​​​​​​

Dei første turane
Midt på 1800-talet dukka dei første turistane opp i Briksdalen. Det var helst engelske rikfolk som kom på denne tida. Men då vegen Rustøen - Briksdal kom rundt 1890 vart det meir fart i turismen. Mange av turistane vart køyrt opp til breen i høyvogn, som seinare vart utskifta med stolkjerrer. Etter 1. verdskrig eksploderte turiststraumen. Eitt til to tusen turistar kunne besøke Briksdal på ein dag. Ein tur - returbillet på Oldevatnet med ”Briksdal” kosta 30 øre. Oldedalen var utan vegsamband fram til 1955, difor var folket avhengig av vatna som ferdselsåre. Den første motorbåten vart sett i drift i 1915 og den hadde rutedag kvar dag gjennom heile året. I 1891-92 bygde Anders Briksdal ei turisthytte og hadde utsal av mellom anna øl, brus, mjølk, brød og rømmekolle. Det var også høve til å overnatte for folk som skulle gå over breen til Jostedalen eller til Jølster gjennom Oldeskaret. Under krigen vart det ikkje drive turistdrift. Etter krigen dreiv dei både turisme og gardsdrift, men turismen tok meir og meir over, og i 1966 vart geitene selde. Fjøset vart ombygd til souvenirbutikk og overnattingshus for turistane. I 2005 vart hesteskyssen erstatta av “Trollbilar” med betre kapasitet.

Vis meir

Anledning

Dato Tidspunkt    
25 Sep
Onsdag 25 sep 2019 09:00
2 Okt
Onsdag 2 okt 2019 09:00
9 Okt
Onsdag 9 okt 2019 09:00
16 Okt
Onsdag 16 okt 2019 09:00
Pensjonat og B&B

Stryn Vertshus

Avstand: 29 km
Stryn Vertshus ligg midt i hjertet av Stryn sentrum ved Per Bolstadplass. Her er det stort fokus på personleg service og målet er at du som gjest skal nyte opphaldet frå start til slutt. Det er gåavstand til busstasjon, restauranter og butikkar.

Pris frå 990 NOK

Per rom/natt
Pris frå 990 NOK