Trollenykjen

Dato: Onsdag 25 sep 2019 - onsdag 25 sep 2024 Vis kart

Få utsikt over Nordfjorden og Hornindalsvatnet

Turen til Trollenykjen ved Nordfjordeid har to høgdepunkt. Minst. Halvvegs mot toppen kjem du til den vakre Skipenessetra. Ein times tid seinare står du på toppen av Trollenykjen - med utsikt over både Hornindalsvatnet, Nordfjorden og fjell i alle retningar. Det er så ein får dårleg samvit på toppen. Kan ein få så mykje igjen for eit par timar på tur? Ja. Nokre fjell er rause med gåvene.

Start ca 100 m frå Skipenesbrua. Traktorveg over dyrka mark. Stien er god og ruta er godt merka.

Etter ca 1 time kjem du til Skipenessetra. Vidare derifrå tek det ca ein time til Trollenykjen (898 moh).

Frå Trollenykjen er det fantastisk utsikt over Nordfjordeid sentrum, utover fjorden og innover mot Hornindalsvatnet. Frå toppen ser du både Eidsdalen, Sagetindane, Hornindalsvatnet, Anda, Lote og Hyen.

Trollenykjen er ein av Fjordspor-turane - 20 magiske vandreopplevingar i Nordfjord. 

Vis meir

Anledning

Dato    
23 Okt
Onsdag 23 okt 2019
30 Okt
Onsdag 30 okt 2019
6 Nov
Onsdag 6 nov 2019
13 Nov
Onsdag 13 nov 2019