Veten i Vågsøy

Dato: Onsdag 25 sep 2019 - onsdag 25 sep 2024 Vis kart

Tur med vakker utsikt over kysten

Veten ligg 613 meter over havet.

Eksklusiv havutsikt! Om du vil, kan du starte i kaikanten. Frå Måløy sentrum går turen til Veten rake vegen på god sti langs ein fjellrygg, før den endar på ein topp som syner den vestlegaste delen av Norge fram frå si aller beste side.  Ta deg ein slurk frå termosen. Len deg attende, og nyt utsikta: Vestkapp, storhavet og alle dei vakre fjella. Kjenner du kor rik du er? Alt dette er ditt.

Parker ved Skramsvatnet ved Måløy Stadion. Måløy Stadion er eit fint utgangspunkt for mange turar av forskjellig vanskegrad og lengde. Merka DNT-sti til Veten med fin utsikt til alle kantar. Her ser ein mellom anna innover fjorden, Måløy sentrum, Kråkenes, Selje og utover Stadhavet. Veten er 613 meter over havet og er det høgste punktet på Vågsøya.

Vis meir

Anledning

Dato    
23 Okt
Onsdag 23 okt 2019
30 Okt
Onsdag 30 okt 2019
6 Nov
Onsdag 6 nov 2019
13 Nov
Onsdag 13 nov 2019