Ljøsuregga

Dato: Onsdag 25 sep 2019 - onsdag 25 sep 2024 Vis kart

Furuhogane  -Kjenndalsvatnet sør -  Kjenndalshytta – Kjenndalsskaret – Ljosuregga – Ljosurelva - Furuhogane

Ljøsuregga er den høgste toppen som ein ser frå Hjelmelandsdalen, men til tross for spektakulære stup og egg over til Store Toren på nordsida, er toppen relativt lett tilgjengeleg frå vest via Kjenndalen. Som namnet på toppen tilseier, består heile fjellet stort sett av ur i alle fasongar og variantar, men uansett er utsikta frå toppen vel verdt turen.

Turen starter i overkant av skoggrensa på Furuhogane (toppen av hyttefeltet) og det er parkering langs vegen fram mot servicebygget for Kjenndalsheisen. Stien opp i Kjenndalen går langs Kjenndalselva opp til Kjenndalsvatnet (805 moh) (1,5 km) og i elva er det mange flotte badekulpar. Ved Kjenndalsvatnet fylgjer ein merkinga rett forbi steinhytta (Kjenndalshytta) kor ein tek til høgre opp lia i skiltkrysset (600 m). Når ein kjem til toppen av Kjenndalsskaret (700 m) so tek ein til høgre oppover mot Ljosuregga (1,4 km). Oppstiginga er brattast halvegs kor det er ein del stor stein. Mot toppen vert det slakare og steinen mindre. Frå det flate platået på toppen er det flott utsikt i alle retningar. På ein finversdag kan dei i god form og utan høgdeskrekk balansere på egga over mot Store Toren og klatre til topps der. Løypa ned att går via Ljosurdalen og fyrste del av nedstiginga går i steinura med retning Nordfjordtoren (1,5 km). Nede i skaret dreier løypa ned langs elva og etter kvart vert underlaget grasmark og stadig slakare terreng og tydeligare sti. Nedst i Ljosurdalen (1,1 km) kryssar ein elva der stien dreiar sørover med retning Furuhogane gjennom bjørkeskogen ned til skiltkrysset ved Ljosurelva (1,3 km). Her tar ein av frå stien til høgre, kryssar Ljosurelva  og går rett vest over Kjenndalselva tilbake til parkeringsplassen på Furuhogane (250 m).

Turen passer for alle (heile familien) som er i rimeleg god form og med skikkelige fjellsko.

Vis meir

Anledning

Dato    
23 Okt
Onsdag 23 okt 2019
30 Okt
Onsdag 30 okt 2019
6 Nov
Onsdag 6 nov 2019
13 Nov
Onsdag 13 nov 2019

Om denne aktiviteten