Indre - Ytre Fure

Dato: Tysdag 1 okt 2019 - tysdag 24 sep 2024 Vis kart

Følg stien langs fjæresteinane til Ytre Fure på Stadlandet, og få ei ny utsikt. Over notida. 

Turen frå Indre Fure til Ytre Fure er ei unik påminning om korleis generasjonane før oss har levd. Den veglause garden Ytre Fure vart fråflytta etter krigen. Då hadde generasjon etter generasjon vakse opp her, på ei smal stripe av land mellom fjellet og storhavet. I dag er stien fram til garden ei perle for fotfararar. Turen langs fjæresteinane gir deg nærkontakt med naturkreftene, og får deg til å tenkje kvifor nokon busette seg slik. Vel framme, i idyllen ut mot havet, er strevet gløymd og du lurer på kvifor dei drog.

Turen startar i det idylliske klyngetunet på Indre Fure, eitt av få bebudde klyngetun som er att i Norge. Det ligg rett mot syd, og her kjem våren tidlegare enn nokon annan stad, med bakkane dekte av kusymre. Dei seks som bur att i tunet, syter for at der og er eit overveldande blomsterflor frå tidleg vår til sein haust. Stien frå Indre til Ytre Fure går langs stranda, med bratte fjell på eine sida og havet på andre. Nokre stader høgt og luftig, andre stader langs fjøre og berg. Ein har vidt utsyn heile turen bl.a. til Selja med Selje kloster, Hornelen og Kråkenes Fyr. Det er eit spennande kulturlandskap der ein heile vegen ser spor etter dei som levde her. På vegen passerar ein Kjøyla med eit moloanlegg, før ein endar opp på dei to gardane på Ytre Fure, som ligg staseleg, men dramatisk til mot storhavet. Dei vart fråflytta på 60-talet, men er godt vedlikehaldne, og mykje nytta i sommarhalvåret. Området er utvald som eit av dei mest verneverdige kulturlandskap i Norge.

Ein kan og ta turen vidare over fjellet til Hoddevik.

Turen går på smal sti, berg og rullestein. Bratt ned eit par stader der ein skal vere obs mht. born.

Det trengst ikkje spesialutstyr, men ein bør ha  gode fjellsko/ sko og kle for vind og regn.

NB! Ver merksam på at det kan vere mykje flått i området på sommaren.

Vis meir

Anledning

Dato    
29 Okt
Tysdag 29 okt 2019
5 Nov
Tysdag 5 nov 2019
12 Nov
Tysdag 12 nov 2019
19 Nov
Tysdag 19 nov 2019