Hiking the Fjords in 7 days from 2 bases | Norway Adventures

Address: Urane, 6730 Davik Dato: Søndag 18 aug 2019 - søndag 11 aug 2024 Vis kart

Address: Urane, 6730 Davik

Rundtur i Nordfjord

Denne turen gir ein smak av kysten, breterrenget og dei dramatiske fjordane. Kvar tur er forskjellig. Vi brukar vår eigen varebil for å dekke regionen, og gir deg eit godt inntrykk av Fjordlivet og naturen. Vandring i fjordane gjev ikkje kun flott utsikt, men spennande turar også. Ofte vil du vere om bord på ei ferge eller båt som kryssar ein fjord, noko som gir et heilt anna perspektiv enn det denne turen kan gi deg.

Hytter
Hyttene ligg i to forskjellige område, og vi brukar vår eigen varebil for å dekke regionen. Kvar dag vil vi gå forskjellige turer. Vi kan gå rett frå hytta eller kjøre til eit område kor vi tar dagsturar.

Hyttene er fullt utstyrt og pent plassert. Vår guide og kokk vil servere høg kvalitets lokale to-retters middagar og omfattande frokost. Her er det også moglegheit for å smørje med seg matpakke for dagen.

Hyttene blir kun brukt av desse gruppene, og har tomannsrom, felles bad, stove og kjøkken, og ei flott utsikt.

Vanskegrad
Moderat til høgare vanskegrad. Forvent å vandre i fire til sju timar per dag, og stige opp mellom 300 til 800 meter per dag. Rutene som er valgt ut tilsvarar vanskegrad blå og rød, i henhold til norske graderingssystem for turstiar.

Guiden vil tilpasse turane (så langt som mulig) i henhold til prognosen og dagens vær, og gruppeas evne og erfaring.

Kort program:
Dag 1: Programmet startar på Nordfjordeid.
Dag 2: Vandring
Dag 3: Vandring
Dag 4: Du har ledig tid. Du kan slappe av eller gjere andre aktivitetar.
Dag 5: Vandring
Dag 6: Vandring
Dag 7: Turen sluttar på Nordfjordeid.

Små grupper: kun 4-7 personer. Det kreves minst 4 personar for at denne rundturen blir noko av.

Vis meir

Hiking the Fjords in 7 days from 2 bases | Norway Adventures

Anledning

Dato Lokalisering    
22 Sep
Søndag 22 sep 2019  
29 Sep
Søndag 29 sep 2019  
6 Okt
Søndag 6 okt 2019  
13 Okt
Søndag 13 okt 2019  

Hotell

Nordfjord Hotell

Avstand: 23,7 km
Nordfjord Hotell har 54 velutstyrte gjesterom med 110 sengar. Hotellet har restaurant med eit godt kjøkken, bar, moderne møteromsavdeling for inntil 250 personar samt nytt badehus med SPA og treningssenter. Hotellet har heis.

Pris frå 1500 NOK

Per rom/natt
Pris frå 1500 NOK