Eggenipa | Nordfjord Aktiv

Address: Sørstrandsvegen 6, 6823 Sandane Dato: Onsdag 25 sep 2019 - tysdag 31 des 2019 Vis kart

Address: Sørstrandsvegen 6, 6823 Sandane

Eit av dei mest ikoniske fjella på Vestlandet. Eit vakkert fjell, men turen er enda betre! Terrenget er ope med berre lav vegetasjon, så du har ei spektakulær utsikt frå ryggen ein følgjer nesten heile vegen. Guidane våre gir opplevinga ein ekstra dimensjon og deler kunnskapen sin om både natur, kultur og historie.

Krav:
Fjellturen er lang (6-8 timar) og bratt, og krev at du er i god fysisk form. Nokre opptak er òg litt eksponerte og bratte, men guidane våre hjelper og motiverar deg om du treng dette. Toppen ligg på 1330 moh., så der kan vere både meir vind og kaldare enn i lavlandet der vi startar.
Ver venleg å informer oss om skader og sjukdomar som astma, epilepsi, rygg- eller kneproblem osv.

INFORMASJON:
Når: 17. juni - 18. august: Kvar torsdag og søndag. (andre dagar på førespurnad
Oppmøte: Parkeringsplassen ved Eggestøylen klokka 10.00
Tid: 6-8 timar
Språk: Engelsk og Norsk
Minimum: 3 gjestar
Pris: 850kr
Alder: Minimum 10 år

INKLUDERT:
Dyktig guide

DU ORNDAR:
Passande turklede
vass- og vindtette ytterklede
Solide og gode fjellsko
varmt, isolerande lag
ryggsekk (stor nok til klede, mat og vatn)
Lunsj
minimum 1 L vatn

Korleis finne startpunktet:
Om du kjem frå nord (Sandane, Stryn, Loen): Når du passerar Byrkjelo, hald fram mot Bergen på E39 i 5,3km. Sving til venstre på ein grusveg gjennom eit gardstun, og hald fram oppover denne vegen i 3,4km før du kjem til parkeringsplassen.

Om du kjem frå sør: (Bergen, Førde, Sogndal, Flåm): På skei tar du vegen ut av rundkøyringa som leiar mot Ålesund, og held fram på hovudvegen (E39) i 14,5km. Når den smale og spektakulære Våtedalen opnar seg litt opp, har du ein gard på høgre side. Der svingar du inn på ein grusveg som går gjennom tunet, og held fram på denne vegen 3,4km før du kjem til parkeringsplassen.

Vis meir

Eggenipa | Nordfjord Aktiv

Anledning

Dato Lokalisering    
22 Okt
Tysdag 22 okt 2019  
23 Okt
Onsdag 23 okt 2019  
24 Okt
Torsdag 24 okt 2019  
25 Okt
Fredag 25 okt 2019  

Om denne aktiviteten

  • Telefon booking
    +47 989 05 946
  • Telefonnummer
    +47 989 05 946
  • Kontakt e-post