Address: 6710 Raudeberg
"Frå fiskebyen Måløy steig eg om bord i ein RIB båt. Eg merka fort at denne var svært stabil og sjødyktig og med den kraftige motoren, skjønte eg fort at vi kom til å bruke kort tid før vi var ute i det opne havet. Vi krusa i full fart over det bølgete havet, og kjende verkeleg sjølufta piske mot ansiktet. Wow, eg kjende verkeleg korleis hestekreftene frå motoren bar oss av stad. Frå sjøsida var det lett å oppdage det strategisk plasserte fyret, Skongenes Fyr. Ein forstår godt kor viktig fyra har vore for navigering på havet med desse sjømerka. Neste gong vil eg nå fyret frå landsida, det tek visst ca. ein time å gå ut til denne DNT-hytta".
Fred Syversen
Ca 1 time å gå frå hovudvegen og ut til fyret i et lett turterreng. Frå parkeringsplassen viser skilt festa til autovern kor turen startar. Gå vidare på privat grusveg, etterkvart smalare tursti. Stien følgjer straumlinja utover og er godt merka med raude T'ar og raude punkt.
Sommarstid kan stien langs fjæra vere eit alternativ. Fin tur i godt vær ved låg sjø/fjæra sjø. Her er det anemoner, tang, krabber, skjell og fugler. Det er også mogleg å gå til og frå fyret langs standkanten til Sætre sanden. Stien er ikkje godt merka. Ein del klyving over berga nokre stadar langs stien. Ikkje anbefalt i regnvær, pga. glatte svaberg. Denne ruta tar litt lenger tid enn hovudstien.
Gode fiskemoglegheiter langs berga rundt Skongsneset. Små fiskebåtar som er ute på fiske kan sjåast frå neset. Fin bratt tursti innover mot Vedvik. Flotte berg og sandstrender å oppleve i tørt vær.
Skongenes Fyr er ein av Fjordspor-turane - 20 magiske vandreopplevingar i Nordfjord.
Om denne aktiviteten
-
Telefonnummer47 489 55 867
-
KontaktpersonTor Magne Gangsøy
-
Kontakt e-post
I nærområdet
-
Selja KlosterAttraksjonar, Sommaraktiviteter, Opplevingar, Buildings & Monuments, Cultural Heritage11,5 km«Turen går frå Seljevågen til klosteret kl 12:00. Retur frå Bø til Selje kl 1...
-
One day adventures - The Hidden Fjord Kayak Tour | Norway AdventuresSommaraktiviteter, Kajakk og Kano27,5 kmFrom 1 400 NOKDrive to Urke, or take the Fjordcruise from Ålesund. We will meet at Urke Kai...
-
Geiranger Fjord Adventure | Norway AdventuresSommaraktiviteter, Kajakk og Kano27,5 kmFrom 1 400 NOKJoin us on this guided paddling holiday in one of the two UNESCO listed fjord...
-
Sea Kayaking - 1 day Nordfjord Coastal Adventure | Norway AdventuresSommaraktiviteter, Kajakk og Kano27,5 kmFrom 1 400 NOKAt this spectacular Atlantic Coast we can choose easy protected paddling or g...
-
Hiking the Fjords in 7 days from 2 bases | Norway AdventuresOpplevingar, Sommaraktiviteter, Vandring, Lett Vandring, Topptur27,5 kmFrom 14 900 NOKRundtur i Nordfjord