Lodalsulukkene

Address: 6789 Loen Dato: Torsdag 12 des 2019 - torsdag 12 des 2024 Vis kart

Address: 6789 Loen

15. januar 1905 rasa det 1500 meter høge Ramnefjellet ut, og 62 menneske omkom. 13. september 1936 rasa det på nytt i Ramnefjellet, og 74 menneske omkom.

LODALSULUKKA 1905
15. januar 1905 rasa det ut eit stort fjellstykke frå det 1500 meter høge Ramnefjellet, og 62 menneske omkom. Skredet losna 500 meter oppe i fjellsida, og sopa med seg ei stor ur under. Fjellstykket var omlag 100 meter høgt, 50 meter breidt og 10 meter tjukt. Det vil seie at steinhammaren var omlag 50.000 kubikkmeter., tilsvarande ei vekt på 125.000 tonn. I tillegg kom ura og grusen, slik at ein reknar med at kring 870.000 tonn masse rasa ut i Lovatnet.

Alle hus rauk med
Flodbylgja steig kring 40 meter på det høgste og sopte med seg alle husa i Ytre Nesdal. Det same hende i Bødal, der alle husa nede ved vatnet vart knuste, med unntak av eit par løer og nokre mindre uthus. Turistbåten Lodalen vart slengt 350 meter innover land.

Tilsaman omkom 24 menneske i Bødal sjølve rasnatta, og 3 menneske seinare av skadane dei fekk. I Nesdal omkom 34 menneske. Berre 9 av dei omkomne vart funne att og gravlagde. Raset i 1905 øydela ialt 60 hus og drap 94 kyr, 10 hestar, 145 sauer og 16 grisar.

Ein minnestein vart reist på Nesodden same året, men den vart riven bort av raset i 1936.

Nokre snakka om å flytte frå dalen etter ulukka. Likevel vart alle gardstuna bygde opp att. Husa vart bygde lengre frå stranda. Geologar meinte dei stod trygt, for dei venta ikkje fleire ras frå Ramnefjell, sa dei.

LODALSULUKKA 1936
I 1936 rasa ein million tonn kubikkmeter masse ut frå Ramnefjell og flodbølgja feia vekk alle gardane kring Lovatnet. Ved 5-tida om morgonen den 13. september rasa det på nytt i Ramnefjell, og 74 menneske omkom.

70 meter høg bylgje
Denne gongen losna eit enormt fjellstykke på kring 1 million kubikkmeter 800 meter oppe i fjellet. Flodbylgja gjekk 70 meter høg, og sopa på nytt med seg alle gardane kring Loenvatnet. Denne gongen var båra så høg at ho slo over Nesodden rett imot raset og skura den rein. Sjølv om minnesmerket frå 1905 på toppen av Nesodden var støypt fast i fjellet, vart det rive bort.

Store tap av menneskeliv
I Bødal omkom 44 personar. I Nesdal vart husa som vart bygde opp att høgre oppe i 1905 spart. Katastrofen lokka til seg mange skodelystne, i tillegg til redningsmannskapa og dei frivillige hjelparane. Tre menneske omkom. I Indre Nesdal omkom 23 menneske. Lengre nede langs vatnet gjorde flodbylgja også stor skade. På bruket Sanden mista to smågutar livet, og på Osnes omkom to personar.

Største katastrofen
Lodalsulukka var den største naturkatastrofa som hadde råka landet i nyare tid, og det vart sett i gang eit storfelt redningsarbeid. Helsepersonell og bergingsmannskap strøymde til, og mange av dei skadde vart sende til det då nyopna Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid. Kronprins Olav var til stades ved gravferda for dei omkomne i Loen kyrkje.

Gardane i Bødal og Nesdal vart ikkje bygde opp att etter denne siste ulukka.

På vegen mellom Bødal og Kjenndal er det montert ei koparplate med namna på dei som ikkje vart attfunne etter Lodalsulukkene i 1905 og 1936.

Vis meir

Anledning

Dato    
14 Des
Laurdag 14 des 2019
15 Des
Søndag 15 des 2019
16 Des
Måndag 16 des 2019
17 Des
Tysdag 17 des 2019
Build: 11.12.2019 13:33:30, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails