Rundtur Sandane - Loen - Sandane | Reis som dei lokale

Address: Perhusvegen 24, 6783 Stryn Dato: Måndag 18 nov 2019 - tysdag 31 des 2019 Vis kart

Address: Perhusvegen 24, 6783 Stryn

Sandane - Byrkjelo - Loen - Byrkjelo - Sandane.

Denne turen tar deg frå Sandane via Byrkjelo til Loen. Bussturen i seg sjølv er ei oppleving og du får sjå det meste naturen i Nordfjord har å by på. Skog, fjord og fjell er nokre av høgdepunkta og alt dette vil du sjå frå bussvindauget.

Vel framme i Loen, finn du Loen Skylift på høgre side, ein spektakulær attraksjon og opplevingsarena. Ei av dei brattaste svevebanene i verda tek deg frå fjorden og 1011 meter rett opp. Ein fantastisk oppleving for både store og små og turen tar berre 5 minutt.

Om høgdeskrekken tar overhand, kan du leige syklar ved Loen Active. Ta turen til nydelige Lodalen. Sykkelturen til Lodalen mellom høge fjell og det isblå brevatnet er noko som må opplevast. Kanskje det til og med fristar med eit bad i det iskalde brevatnet? Om eit bad ikkje freistar, men du vil sjå Lodalen frå vatnet, finns det moglegheit for å leige kajakk og kano ved dei fleste campingplassane.

På bussen på veg til Sandane, stoppar bussen på Byrkjelo. Der har du akkurat nok tid til å gå innom Baker Jon. Der sel dei nybakt brød og bollar, i tillegg til at butikken er full av lokale varer.

Avgang frå: Sandane rutebilstasjon

Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men vi har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jul pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Velg dato:

Om denne aktiviteten

  • Telefon booking
    +47 57 87 40 40
  • Telefonnummer
    +47 57 87 40 40
  • Kontakt e-post
Build: 29.11.2019 11:45:56, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails