Rundtur Stryn - Hellesylt - Stryn | Reis som dei lokale

Address: Perhusvegen 24, 6783 Stryn Dato: Onsdag 7 aug 2019 - tysdag 31 des 2019 Vis kart

Address: Perhusvegen 24, 6783 Stryn

Stryn - Hellesylt - Stryn.

Denne bussturen tar deg frå Stryn til Hellesylt ved Geirangerfjorden. Etter ca 20 minutt, køyrer bussen forbi Hornindalsvatnet. Vatnet er kjent for å være Europas djupaste innsjø, og det har i alle år blitt fortalt historie om kva som finns i dybden. Kanskje du er heldig og får sjå ein sjøorm når du køyre forbi?

Når du er framme på Hellesylt, har du mange moglegheiter for å fylle dagen din med spennande aktivitetar. Ein liten spasertur frå busstasjonen finn du Hellesyltfossen. Det er ein mektig foss, og er eit av dei mest fotograferte motiva i området. Eit imponerande syn tidleg på sommaren i den store snøsmeltinga.

Om du fortset spaserturen vidare kjem du til Per Gynt museet. Hovudformålet med galleriet er å presentere kunstnaren og treskjeraren Oddvin Parr (1933- 2010) sine enorme trerelieff som går frå golv til tak. Alle trerelieffa har motiv henta frå den norske forfattaren Henrik Ibsen sitt verk «Peer Gynt».

Om du tar ein av dei tidlige bussane frå Stryn til Hellesylt, kan du ta ferja over til Geiranger.  Geirangerfjorden er ein 15 kilometer lang arm av Storfjorden og er på UNESCOs verdensarvliste. Fjorden er ein av Norges mest populære attraksjoner, og gir deg ein spektakulær presentasjon av Norges mest berømte særpreg.  Husk å kjøpe tur/retur billett, og vær i tid til bussen går frå Hellesylt tilbake til Stryn.

Du kan klikke her for å kjøpe billett til ferja. Dette bør gjerast på førehand.

Når du er tilbake i Stryn, full av nye opplevingar og inntrykk, sett deg på ei kafé og nyt eit godt måltid medan du ser på dei nye bilda dine og det yrande livet i gatene.

Avgang frå:  Stryn rutebilstasjon

Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men vi har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jul pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Velg dato:

Om denne aktiviteten

  • Telefon booking
    +47 57 87 40 40
  • Telefonnummer
    +47 57 87 40 40
  • Kontakt e-post
Pensjonat og B&B

Stryn Vertshus

Avstand: 50 meter
Stryn Vertshus ligg midt i hjertet av Stryn sentrum ved Per Bolstadplass. Her er det stort fokus på personleg service og målet er at du som gjest skal nyte opphaldet frå start til slutt. Det er gåavstand til busstasjon, restauranter og butikkar.

Pris frå 990 NOK

Per rom/natt
Pris frå 990 NOK