Bødalsbreen

Address: 6789 Loen Vis kart

Address: 6789 Loen

Tur til Bødalsbreen, ein brearm frå Jostedalsbreen

Ved enden av Lovatnet finn ein Bødalen, her i frå går det ein bomveg opp til Bødalseter. Vegen til Bødalseter er ca 5 km lang, delvis asfaltert og nokre stadar med grus. Vegen egnar seg for personbilar då den er smal og kronglete på enkelte plassar. Ved vegs ende kjem ein til ein parkeringsplass, her i frå går det ein grusveg inn til Bødalsseter, denne korte gåturen tar omlag ti minutt å gå.

Bødalseter ligg på 585moh i Jostedalsbreen nasjonalpark.Setra som står der i dag er oppattbygd etter ei rasulukke i 1893. Setra er eit perfekt utgangspunkt for fleire turar, og ein av dei mest populære er til Bødalsbreen, som tar ca 50 minutt gange frå setra. Frå Bødalseter går ei godt merka rås innover dalen, samt skilt som viser veg. Etter ei stund delar stien seg og der står ny skilting. Til venstre mot Lodalskåpa og til Høgre mot Bødalsbreen. På veg til breen har ein god utsikt over Sætrevatnet som er eit breevatn.

Når ein er i nærleiken av bre må ein vise aktsomhet. Langs brefrontane er det vaneleg at det går ras, derfor bør ein halde seg på avstand og ikkje gå for nær. Ønsker ein turar på bre finn ein meir informasjon under brevandring.

Vis meir
Build: 28.08.2020 17:01:56, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails