Rundtur i Nordfjord | Reis som dei lokale

Address: Perhusvegen 24, 6783 Stryn Dato: Onsdag 25 sep 2019 - tysdag 31 des 2019 Vis kart

Address: Perhusvegen 24, 6783 Stryn

Stryn - Nordfjordeid - Sandane - Byrkjelo - Stryn.

Denne rundturen frå Stryn, tar deg innom Nordfjordeid, Sandane og Byrkjelo.

Nordfjordeid ligg midt i Nordfjord og er kjend for blant anna opera, fjordhest, shopping og flotte vandreturar. Gå gatelangs i dei flotte brulagde gatene, sett deg ned på ein kafé og nyt ein god kopp kaffi. Eller kanskje du vil heller vil oppleve Nordfjordeid på ryggen til ein fjordhest? Fjordhest, eller Fjording, er ein norsk hesterase med sterke røtter til Vestlandet. Den reknast som ein av dei eldste hesterasane i verda, og vart ofte brukt av vikingkongar.

Neste stopp er Sandane. Om du ønskjer meir aktivitet, er dette rette staden. Terrenget i Nordfjord er skapt for stisykling, og på Sandane kan du leige en guide som viser dei beste spottane, dei hemmlege stiane og den flotte naturen rundt. Dette er ein aktivitet som kan gjerast uansett nivå, og du kan leige sykkel der.

Trivselsskogen har vore ei storsatsing dei siste åra, og er eit godt tips om du vil vandre.Trivselsskogen har eit unikt og tilrettelagt stinettverk, der du kan velge turar som passar akkurat deg. Det er lett å finne fram, og du kan gå dit frå Sandane sentrum. Ein rundtur i skogen tar ca ein time, det er godt skilta og lett å ta seg fram. Ta med dine kjære til kjærleiksskogen og draum deg vekk i norsk natur.

På veg tilbake til Stryn får du eit kort stopp på Byrkjelo i samband med bussbytte. Der har du akkurat nok tid til å gå innom Baker Jon. Der sel dei nybakt brød og bollar, i tillegg til at butikken er full av lokale varer.

Vel tilbake i Stryn, full av nye opplevingar og inntrykk, sett deg på ein kafé og nyt eit godt måltid medan du ser på dei nye bilda dine og det yrande livet i gatene.


Avgang frå:  Stryn rutebilstasjon


Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men vi har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Velg dato:

Om denne aktiviteten

  • Telefon booking
    +47 57 87 40 40
  • Telefonnummer
    +47 57 87 40 40
  • Kontakt e-post