Aabrekk gard

Address: Aabrekk, 6791 Oldedalen Vis kart

Address: Aabrekk, 6791 Oldedalen

Aabrekk gard tilbyr overnatting i nyrestaurert hus frå 1700- og 1800-talet, har servering for grupper og sel matvarer som er produsert på garden. Produkta som vert levert frå garden er basert på sterke tradisjonar, og ber namnet Lykle.

Lykle er namnet på produkta som vert leverte frå Aabrekk Gard. Lykle finn du i eit utval av butikkar og hotell i Sogn og Fjordane. Du kan også bestille varer direkte frå Aabrekk Gard.
Gardsmat av finaste kvalitet.

På Aabrekk Gard legg vi sjela vår i å vidareføre tradisjonar overlevert i generasjonar. Mathistorie, råvarer og kvalitet er begrep vi formidlar gjennom gode bakevarer. Vi har solbær- og ripsbærbusker i hagen. Dette lagar god gele, syltety og saft av. Du finn det på frukostbordet, til middag - og er du heldig kan du få kjøpe eit glas med heimelaga syltetøy. På Aabrekk Gard lever biene glade dagar i rein og frodig natur. Det kjennest på honningen. Her surrar dei rundt i kvitkløver-enga og på villbringebær-blomsten, og gjev oss gode smakopplevingar. I Oldedalen lever geitene fritt og godt, leikande i vill, rein natur. I fjellsidene bak garden veks lyng og urteplantar, dynka i brevatn og bada i sommarsol. Du kjenner det på geitosten frå Aabrekk.

SERVERING OG CATERING
GRUPPER
I gamlelada (låven) kan ein feire store dagar eller arrangere slektstreff.
Her er plass til opp mot 90 personar for servering - i eit triveleg miljø.
Huset er bygd på grunnmurane av gamlelada frå 1895.
Nybygget stod ferdig i 2005.

CATERING
Her leverast lokalmat og buffet på bestilling. Kontakt Aabrekk gard for prisar og meny.

FRUKOSTSERVERING
I gamlelada serverast frukost til overnattingsgjester, og andre som bestiller.

Vis meir

Om denne aktiviteten

Build: 13.11.2019 14:01:08, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails