Blåfjellshallen | Melkevoll Bretun

Address: 6792 Briksdalsbre Vis kart

Address: 6792 Briksdalsbre

For meir enn 6000 år sidan gjekk eit stort steinras i dalsida frå Blåfjellet inst i Oldedalen. Store steinar vart liggande att i fjellsida og utgjer i dag ei steinur. Denne steinura rammer inn Melkevoll Bretun der vi har hytter og camping kvar sommarsesong. På eit av utsiktspunkta, inntil ein av dei største steinane i ura, har Inge Melkevoll skapt denne spesielle bygningen “Blåfjellshallen” laga av stein, tre og glas. Her er utsikt til isbrear, fjell og det store fossefallet Vollfossen. Blåfjellshallen - Blue Mountain Hall på engelsk, er bygd i pakt med naturen og områda omkring.

KURS OG UTLEIGE
Blåfjellshallen er bygd rundt ein stor stein som utgjer den eine veggen. Ideen var å skape ein samlingsplass i pakt med naturen, der ein kan arrangere kurs, konsertar og nokre typar samlingar. Hallen stod ferdig sommaren 2018, og har sidan då vert brukt til konsertar, kurs, namndag, yogakurs og samlingar blant anna.

Det er mogeleg å leige hallen til nokre typer samlinger og spesielt kulturarrangement.
Det er sitjeplass og stolar til omkring 100 personar.
Vi har bord og stoler for å dekke til 60 personar.
Her er musikkanlegg og mikrofon.
Toalett, vatn og anna er å finne i resepsjonsbygget på Melkevoll Bretun, 1 minutt å gå frå Blåfjellshallen.
Vi leiger kun ut til alkoholfri arrangement og samlingar.

Vis meir

Om denne aktiviteten

Build: 29.11.2019 11:45:56, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails