Dagskort i Hydlaparken
Dato: Torsdag 12 des 2019 - søndag 1 nov 2020
Prisen for dagskort inkluderer adgang til klatreløyper og klatrevegg (i henhold til høgdekrav), eit hopp i Hydlaspranget, samt bruk av pump-track og Mini-Hydla. Eigen billettkategori dersom ein berre ynskjer adgang til klatrevegg og Hydlaspranget.
Barn under 6 år må ha følgje av ansvarleg vaksen i grøne løyper, og barn under 12 år må ha følgje av ansvarleg vaksen i blå og raude løyper. Ein vaksen kan rettleie inntil 4 barn om gangen.
Maksimal vekt for klatrarar: 120 kg.
Minimum vekt for aktivitetar i klatrevegg og Hydlaspranget: 20 kg
Meir informasjon om Hydlaparken sine sikkerheitsreglar finn du her: https://www.hydlaparken.no/eigenerklaering
Klatreselar må hentast ut innan kl 14.00, ellers vil dei bli lagt ut for drop-in sal, og du kan risikere å måtte vente for å få klatreselen.
Bestill no
Aktivitet | Totalpris |
---|