Jevnlid Garden

Address: Lida, 6795 Blaksæter Vis kart

Address: Lida, 6795 Blaksæter

Ekte handverk og god smak

På garden Jevnlid blir det laga gode kjøt- og spekematprodukt. Respekt for og kjærleik til handverkstradisjonane er nokre av dei viktigaste ingrediensane.

På Jevnlid er dei lidenskapeleg opptekne av å ivareta den rike lokale matkulturen. Dei lagar herleg tradisjonsrik mat der tida og det tradisjonelle handverket avgjer smaken. Til dømes brukar dei 2-3 månadar på å lage Spekepølsa, inkludert 3-5 veker modning. Slik får dei fram kjøtet sin unike eigensmak heilt utan tilsetningsstoff. Alt kjøtet i spekepølsene, julepølsene og kjøtbollane kjem enten frå eigen produksjon eller frå nabogardane rundt.

Respekten for mattradisjonane kjennest i smaken.

Produkt:
Spekepølse laga etter gammal metode, innheld kjøtt og salt.
Kjøttbollar med 95 % kjøttinnhald, salt og pepper
Julepølse med 86 % kjøttinnhald etter garden si eiga tradisjonelle oppskrift.

Vis meir

Om denne aktiviteten

Build: 13.11.2019 14:01:08, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails