Guida tur til Lodalskåpa | Briksdal Adventure

Address: 6792 Briksdalsbre Vis kart

Address: 6792 Briksdalsbre

Bli med til "Vestlandsdronninga" Lodalskåpa (2083 moh) saman med Briksdal Adventure, midt i Jostedalsbreen Nasjonalpark.

Turen opp Lodalskåpa, også kalt ”Vestlandsdronninga” tek deg etappevis frå 600 moh til 2083 moh. Lodalskåpa er høgaste punktet ved Jostedalsbreen, og utsikta frå toppen er ubeskriveleg.


Første etappe på turen tar deg frå Bødalsseter og inn til Fessene. Her møter ein på den første av mange stigningar på turen. Stien går opp mellom 2 fossar, og gjev ein forsmak på neste stigning.

Når ein er komen opp Fessene har ein ca 30 minutt med flat gange før den verkelege prøvelsen på turen dukkar opp: Brattebakken. Denne bakken tek deg 700 høgdemeter i eit strekk, og heiter ikkje brattebakken utan grunn. Idet ein kjem opp på toppen av denne bakken får ein sjå Lodalskåpa der ho ruvar høg og mektig. Dette synet gjev dei fleste ein ny giv til å fortsette vidare. Herfrå går ein eit stykke over snødekt bre, og breutstyr er såleis naudsynt. Etter at Bohrsbreen er kryssa fortsetter ferda opp bakken ved ståleskaret. Her ventar ein ny bre; Skråboren. Denne breen tar oss med vidare oppover mot toppen. Etter denne breen er det litt gåing i stein og ur før ein igjen kjem inn på ein liten bre rett før sjølve toppen. Her lurer nokre bresprekker under snøen.

For å nå sjølve toppen er det naudsynt med litt luftig ”kliving”. Dersom naudsynt kan ein settje opp sikringstau.

Normal tidsbruk på denne turen er mellom 10-12 timar.

Turen kryssar bre, og det er såleis naudsynt med breutstyr og brekompetanse. Lengda på turen er ca 21 km, med bratte stigningar, og egnar seg best for dei med god fysisk form.

Turane går på førespurnad. Min 3 personar.

Vis meir

Om denne aktiviteten

Pensjonat og B&B

Stryn Vertshus

Avstand: 27,7 km
Stryn Vertshus ligg midt i hjertet av Stryn sentrum ved Per Bolstadplass. Her er det stort fokus på personleg service og målet er at du som gjest skal nyte opphaldet frå start til slutt. Det er gåavstand til busstasjon, restauranter og butikkar.

Pris frå 990 NOK

Per rom/natt
Pris frå 990 NOK