Brevandring på Tystigbreen | Briksdal Adventure

Address: Gamle Strynefjellsvegen, 6783 Stryn Vis kart

Address: Gamle Strynefjellsvegen, 6783 Stryn

Brevandring på Tystigbreen på Strynefjellet, ved Stryn Sommerskisenter
Vandringa på breen er ca. 2-3 timar. Vi skal utforske isen på ein sikker måte.Guiden deler sin lokalkunnskap med deg, samt grunnleggande geologi/glasiologi.

Sesong: 15. juni - 10.august (turar kvar dag)
Minimum alder: 12 år.
Varighet: Rundt 5-7 timar

Pris: 1070 kr per person, inkl. alt nødvendig utstyr og transport med stolheisen. (15% grupperabatt: 910 kr per person, ved minimun 5 personar)

Vankelegheitsgrad: Medium

Møtepunkt: Parkeringsplassen ved Stryn Sommerskisenter kl. 09:30

Oppmøte ved parkeringsplass på Stryn Sommerski kl. 09:30. Stolheis til ca. 1300 m.o.h. Frå stolheisen går vi opp til brefronten (tek ca. 45 minutt), ca. 250 høydemeter, på ei litt utfordrende løype, så du bør være vant til å gå for å bli med på denne turen.

Vandringa på breen er ca. 2-3 timar. Vi skal utforske isen på ein sikker måte. Forholda på isen kan vere blåis, eller is med snø på overflata, dette avhenger av kor mykje snø vi får om vinteren, samt kor raskt snøen smeltar sommerstid.

Guiden deler sin lokalkunnskap med deg, samt grunnleggande geologi/glasiologi. Lunch tek vi på/ved breen.

Vi er tilbake på parkeringsplassen mellom kl.16:00-17:00.

Alt utstyr er inkludert i prisen. Gode, solide sko er det viktig, men dette kan også leies av Briksdal Adventure. Ta med varme klær, mat og drikke.

Vis meir

Om denne aktiviteten

Pensjonat og B&B

Stryn Vertshus

Avstand: 33,8 km
Stryn Vertshus ligg midt i hjertet av Stryn sentrum ved Per Bolstadplass. Her er det stort fokus på personleg service og målet er at du som gjest skal nyte opphaldet frå start til slutt. Det er gåavstand til busstasjon, restauranter og butikkar.

Pris frå 990 NOK

Per rom/natt
Pris frå 990 NOK