Bre og Fjell

Address: Fjørevegen 22, 6856 Sogndal Vis kart

Address: Fjørevegen 22, 6856 Sogndal

Kurs og føring i Norge, Alpene og Antarktis

Breogfjell Mountain Guides er ein av aktørane i Norge som stiller strengast krav til sertifisering, erfaring og lokalkjennskap. På ski og fjellklatreturar nyttar Breogfjell kun internasjonalt kvalifiserte Tindevegledarar (UIAGM/IFMGA) og Tindevegledarar under kvalifisering/aspirantar som kan vise til solid erfaring over flere år innan krevande ski-, klatre- og breturar. Breogfjell er godkjent kursarrangør på høgste nivå i Norsk Fjellsportforum.

Bli med guidane fra Breogfjell og finn den beste opplevingane!
Medan ytre Nordfjord byr på sommar og surfing, finn du dei mest fantastiske fjella for skikøyring lenger inne i fjorden. Med utgongspunkt fra Stryn kan du gå toppturar med over 1500-høgdemeters nedkøyringar, og med utsikt i verdensklasse.

På sommaren kan du gå fjellturar med fjordutsikt og innslag av luftig klyving og brekryssing som krev sikring med tau. Med Breogfjell kan du oppleve ekte fjellklatring med lokale og kvalifiserte guidar.

Aktiviteter

Sommar: Guida turar, Kurs, Klatring, Brevandring, Fotturar, Klatrekurs.

Vinter: Guida turar, Kurs, Alpine skiturar, Topptur, Skredkurs, Off-piste, Telemark, Isklatring, Alpin klatring, Breskiturar.

Vis meir

Om denne aktiviteten

Build: 09.12.2019 18:31:16, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails