Stryn vinterski

Address: Setrevegen 40, 6783 STRYN Vis kart

Address: Setrevegen 40, 6783 STRYN

På Stryn Vinterski tilbys 3 skiheisar.

Tautrekket er eit ca 90 m langt tautrekk som passar for dei aller minste.
Hovudtrekket er 1200 m lang t-krokheis, og tar deg frå 325 til 680 moh. Fra toppen har du 3 ulike trasèval.

ovedtrasèen går rett ned i same retning som heistrasèen. Vanskegrad raud – middels.

Nakkjen går slakt vestover frå toppen, rundt Nakkjen og hyttene på Bøanedsetra, og møter rundløypa i siste halvdel. Vanskegrad blå – lett.

Rundløypa startar med første bakken i hovedtrasèen, går så slakt vestover gjennom hyttefeltet på Bøanedsetra, for så å svinge søraustover og ned mot varmestua. Siste del av løypa går rett bak det nye hyttefeltet. Vanskegrad blå – lett.



Steindalsheisen er ein 1400 m lang t-krok heis, og tek deg frå 657 til 1000 moh. Frå toppen har du 2 hovudnedfartar
Vestsida går som navnet tilsier på vestsida av heisen, og i samme retning som heistrasèen, men i en lite bue midt på. Vanskegrad raud – middels.
Steindalstrasèen går på austsida av heisen, men meir i retning rett ned mot startpunktet til heisen. Vanskegrad raud – middels.
Spektakulære nedfartar frå 1000 moh ned til 320 moh i snøsikkert område med storslått Nordfjordnatur. I umiddelbar nærleik kan du finne store vidslåtte områder med mengder av laussnø. All ferdsel her er på eige ansvar

Kafe og varmestove
Afterski
Skiutleige
2 t-krok heisar
Barneskitrekk
8 preparerte nedfartar
Park
Stor parkeringsplass
20 km preparerte langrennsløyper

Vis meir

Om denne aktiviteten

Build: 12.11.2019 13:59:50, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails