Kajakk på Lovatnet og Nordfjorden

Address: 6799 Loen Dato: Måndag 8 jul 2019 - måndag 8 jul 2024

Address: 6799 Loen

Opplev Loen frå kajakk, enten på Lovatnet eller på Nordfjorden. Loen Active tilbyr guida turar i doble kajakkar nesten heile året. Turen kan også kombinerast med ein vandretur.

Lovatnet:
Lodalen er ein av dei vakraste dalane i landet, med høge dramatiske fjell, isbrear og smaragdgrønt vatn. Bli med Loen Active på guida kajakktur og høyr om dalen si dramatiske historie, og livet folk levde her. I tillegg til utstyr inkluderer turen transport frå Loen til Bødal, matpakke og drikke. Tid: 4-5 timar. Nivå: Lett. Minimum alder: 10 år.

Fjordtur:
Ein kort tur på Nordfjorden, perfekt for nybyrjarar. Tid: 2 timar. Nivå: Enkel. Minimum alder: 8 år.

Loen active tilbyr også rundtur med kajakk og vandring

Praktisk informasjon:
Alle turane inkluderer guide, kajakk, åre, padlejakke, vest, hanskar og padlesko. Nokre av turane inkluderer også matpakke og drikke. Det er alltid følgebåt med på dei guida turane. Loen Active har base midt i Loen sentrum.

Minimum antal deltakarar: 6 personar.
Maks antal deltakarar per tur: 17 personar.

Vis meir

Anledning

Dato    
15 Jul
Måndag 15 jul 2019
16 Jul
Tysdag 16 jul 2019
17 Jul
Onsdag 17 jul 2019
18 Jul
Torsdag 18 jul 2019

Om denne aktiviteten