Loen Skylift

Address: 6799 Loen Dato: Fredag 22 nov 2019 - søndag 22 des 2019 Vis kart

Address: 6799 Loen

Loen Skylift - Frå fjord til fjell på 5 minutt. Det er ein spektakulær ny attraksjon og opplevingsarena, i Stryn, inst i Nordfjord, i hjartet av Fjord Norge. Ei av dei brattaste svevebanene i verda tek deg frå fjorden og 1011 meter rett opp. Nyt utsikta over fjordlandskapet - frå restaurantbordet, eller ute på tur i fjellet.

Fakta om Loen Skylift:

Det er plass til 35 passasjerar i kvar vogn (2 stk).

Turen tek 5-7 minutt kvar veg.

Avgong kvar halve time, men oftare ved stor pågong.

Billettar kan kjøpast på nett, i billettluke i Fjordshop og på automat i Fjordshop, fjordstasjon og på toppstasjonen.

Det er universell utforming i bana og bygningane knytt til Loen Skylift. Dette vil seie at heile anlegget er handicapvenleg.

Loen Skylift er ei pendelbane, der teknologien er basert på vektutligning med to store vogner, der den eine går opp medan den andre går ned.

Leverandør er sveitsisk-østerrikske Doppelmayr Garaventa, den største leverandøren i verda på taubaner.

Vis meir

Anledning

Dato Tidspunkt    
22 Nov
Fredag 22 nov 2019 12:00 - 22:00
23 Nov
Laurdag 23 nov 2019 10:00 - 22:00
24 Nov
Søndag 24 nov 2019 10:00 - 19:00
29 Nov
Fredag 29 nov 2019 12:00 - 22:00

Om denne aktiviteten

Build: 13.11.2019 14:01:08, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails