Ervik

Address: 6750 Stadlandet Dato: Onsdag 18 sep 2019 - onsdag 18 sep 2024 Vis kart

Address: 6750 Stadlandet

Ytterst på Stadlandet, inne i ei vik, finn du bygda Ervik. Bygda er lita, men rommer mykje av både historie og aktivitetar. Her finn du ei av dei beste surfestrendene i Noreg. Ved siden av den flotte sandstranda finn du den særprega kyrkjegarden og minnekapellet over ulukka med St. Svithun hausten 1943. Båten vart angripen og senka av allierte jagarfly, og mange ervikera risikerte livet for å redde passasjerane ombord.

I dag finn du alt i frå det største linebåtrederiet i Noreg til store veldrivne gardar. Du finn til og med ein italienar som lagar ost og eit gammalt eldhus der du kan få servert eit måltid med smak av lyngheiene på Stad, slik som berre kortreist mat kan gje deg.

Det er flotte turområder i Ervik, som til dømes Hovden. Ynskjer du guida vandring i området, kan du kontakte Stadt Naturguiding, som kjenner området og kan fortelje om den rike historia til området.

Vis meir

Anledning

Dato    
21 Sep
Laurdag 21 sep 2019
22 Sep
Søndag 22 sep 2019
23 Sep
Måndag 23 sep 2019
24 Sep
Tysdag 24 sep 2019

Om denne aktiviteten

  • Telefonnummer
    +47 57856606