Trivselsskogen

Address: 6822 Sandane Dato: Tysdag 28 jul 2020 - måndag 28 jul 2025 Vis kart

Address: 6822 Sandane

Er du nær Sandane, er Trivselsskogen noko du berre må oppleve. Makan til nærturanlegg finn du kanskje ikkje andre stadar.

Eit av Norges flottaste nærturområde finn du i Trivselsskogen rett ved Sandane sentrum. Turen kan du starte frå vandrevarden midt i sentrum. Her fylgjer du hjarta i gangvegen som tar deg heilt opp til skogen. Etter 10 minutt er du opp. Her kan du velje fritt kva tur du ynskjer i eit nettverk som består av 6 km flott tilrettelagt sti. Sherpatrapper, flatt, barkesti eller grus. Her finn alle sin sti. I tillegg er Trivselsskogen ei vandreoppleving med element langs stien. Her finn du TIN-Camp med gapahukar, amfi og bakaromnar. I kjærleiksskogen han du henge opp hjarter som ei helsing til nokon du er litt ekstra gla i. Vidare kjem du til Draumekvila, den fyrste dagsturhytta med eige bibliotek tilgjengelig for alle og open 24/7. Vidare oppover lia kjem du til sherpatrappene, eit handtverk utført av tradisjonsberarar frå Nepal. Etter 374 trappetrinn er du opp på utkikspunktet Utsiken. Her har du ei fantastisk utsikt over Sandane og fjellformasjonen Nordfjordegga på sørstranda.

Etter 700 meter vidare langs fjellformasjonen kjem du til Fosseteateret ved Holvikefossen. På dagar der vinden kastar fossen oppover, viser den forsmådde fossebruda seg i all si vrede. Kanskje du får sett ho? På veg ned frå Fosseteateret har sherpaane laga trappekunst. 640 trappetrinn, hundrevis av tonn med stein er lagt lag på lag i den bratte fjellskråninga. Korleis det i det heile tatt er mogleg å få det til, kan ein spørje seg om.

Vis meir

Anledning

Dato    
15 Aug
Laurdag 15 aug 2020
16 Aug
Søndag 16 aug 2020
17 Aug
Måndag 17 aug 2020
18 Aug
Tysdag 18 aug 2020

Om denne aktiviteten

Build: 14.08.2020 11:08:44, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails