Trivselsskogen

Address: 6822 Sandane Dato: Onsdag 25 sep 2019 - onsdag 25 sep 2024 Vis kart

Address: 6822 Sandane

Trivselsskogen er eit flott turområde nær Sandane sentrum. Området skal vidareutviklast i åra som kjem.

Stien til Utsikten er ny og bygd opp kring fleire element: fyrst Solplatået med grill og sitteplass til ca 45 personar. Så Kjærleiksskogen – her kan ein ta med seg hjarter og henge opp, eller risse inn namn i trestammane. Ut av Kjærleiksskogen og vidare går ein over dei fine hjertehellene. Så kjem ein etterkvart til Draumekvila – eit flott utsiktsplatå. Etter Draumekvila begynner sherpatrappene, og desse går nesten heilt opp til Utsikten, som er det gamle utsiktspunktet over Sandane sentrum.

Dagsturhytta på Draumekvila i Trivselsskogen er fylket si fyrste dagsturhytte. Dagsturhytter er eit prosjekt i regi av Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga og kommunane. Dei skal vere eit lågterskeltilbod, ein stad for å ete nista si, byte kle og få litt varme i seg. Alle dagsturhyttene skal ha eit nynorsk turbibliotek som skal stimulere til leselyst og syne fram nynorske bøker. Det er fylkesbiblioteket som står bak dei nynorske turbiblioteka, og nasjonalbiblioteket har løyvd 400.000 kr til prosjektet.

Vis meir

Anledning

Dato    
16 Okt
Onsdag 16 okt 2019
17 Okt
Torsdag 17 okt 2019
18 Okt
Fredag 18 okt 2019
19 Okt
Laurdag 19 okt 2019

Om denne aktiviteten