Skåla

Address: 6789 Loen Vis kart

Address: 6789 Loen

Skåla er rekna som Norges høgaste fjelltopp som har foten i sjøen. I alle år har dette vore eit populært fjellmål, og mange har sprunge opp bakkane for å slå rekordane som går på folkemunne.

Skåla ruvar 1848 meter over fjorden og bygda Loen i Stryn. Fjellet er det høgste i Noreg med fot i fjorden, og stien opp er bratt og til dels krevjande opp steinura. Denne turen er spektakulær og utsikta heile vegen opp er fantastisk. Store delar av turen går ein i Josteldalsbreen Nasjonalpark. Stien opp vart bygd samtidig som Skålatårnet i 1891 og har i nyare tid vert restaurert av dugnadsfolk og sherpaer frå Nepal.
Turen opp til Skåla startar ved Tjugen. Når ein kjem frå Loen ligg det ein parkeringsplass med toalett og avfalshandtering på høgre handa. Turen startar på traktorvegen som ligg rett ved parkeringa, som etter ei stund går over til sti og når ein nærmar seg toppen er det steintrapper.
Turen er ein svart tur, så ein burde vere forberedt på ein til dels krevjande tur. Turen tek 3-5 timar ein veg, og det er viktig å ta med seg vatten og mat til heile turen.
På toppen av Skåla finn ein to DNT hytter. Den eldste og mest kjende er Skålatårnet som vart bygd i 1891. Det var opphavleg tenkt som sanatorium og legen Hans Henrik Gerhard Kloumann var den som fekk ideen om å bygge det karakteristiske steintårnet.
I 2016 åpna den nye hytta Skålabu som også er ei DNT hytte. Tårnet har 20 sengerplassar fordelt på tre "etasjar", der er proviant for salg, sjølvbetening. I Skålabu har 20 sengeplassar, der 10 av dei kan bookast på forhand. Hytta er åpa heile året, og det trengs ikkje nøkkel. I tillegg til 20 sengeplassar er der 10 ekstra madrasser. Det er tilrettelagt med to hundebur under trappa i skålabu, der hundeeigar kan sove på hemsen i tilknyting til desse.

Vis meir
Build: 06.08.2020 17:04:02, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails