Sagastad

Address: Sjøgata, 6770 Nordfjordeid Dato: Onsdag 25 sep 2019 - tysdag 31 des 2019 Vis kart

Address: Sjøgata, 6770 Nordfjordeid

Sagastad er vestlandet sitt nye kunnskapssenter om vikingtida. Her kan du gå om bord i og oppleve det 30 meter lange Myklebustskipet – eit av verdas største vikingskip. Lær om mystikk og ritualer, om store reiser i fantastiske skip, og om vår stolte kulturhistorie.

Om Myklebustskipet

Myklebustskipet vart greve ut av «Rundehåjen» på garden Myklebust på Nordfjordeid i 1874, fleire år før Gokstad (1880) og Oseberg (1904). Myklebustskipet skil seg frå Oseberg- og Gokstadskipet ved at det vart brent ved gravferda. Skikken med å brenne skipet ved gravferda var typisk for Vestlandet på 700- og 800-talet. Myklebustskipet er både den siste og den største branngrava vi kjenner frå vikingtida.

Dimensjonane på Myklebustskipet kjenner vi mellom anna gjennom askelaget som vart funne i gravhaugen, som er 30 meter i tverrmål og fire meter høg, med ei brei vollgrav rundt (vollgrava vart gjenfylt på 1800-talet).

Det er grunn til å tru at det er Kong Audbjørn av Fjordane som ligg gravlagd i Myklebustskipet. Han er omtala i sagaen, og fall i slaget ved Solskjel på Nordmøre i år 876. Det passar godt med dateringa av funna i gravhaugen.

Røynde båtbyggjarar frå Bjørkedalen i Volda starta hausten 2016 å byggje det nye Myklebustskipet slik vi trur skipet kunne sett ut. Bygginga skjer i ein hall ved fjorden på Nordfjordeid og ca 300 meter frå der skipet vart funne.

Vis meir

Anledning

Dato Tidspunkt    
18 Okt
Fredag 18 okt 2019 10:00 - 15:00
19 Okt
Laurdag 19 okt 2019 10:00 - 15:00
22 Okt
Tysdag 22 okt 2019 10:00 - 15:00
23 Okt
Onsdag 23 okt 2019 10:00 - 15:00

Om denne aktiviteten

  • Telefon booking
    +47 57 86 22 00
  • Telefonnummer
    +47 952 65 872
  • Kontakt e-post
  • Nettside
  • Prisinformasjon
    Adult: 210 NOK Children 6 – 15 years: 150 NOK Children u/6 years: Free entry Family (2 adults, 3 children): 680 NOK 1 year ticket adults: 950 NOK 1 year ticket children: 750 NOK Saga host must be pre-booked: 1.000 NOK *Groups minimum 15 persons – contact us for prices *1-year ticket for both adults and children are personal. The ticket will be written in the name of the owner. The ticket is valid only with the owners ID.