Eggenipa

Address: 6826 Byrkjelo Dato: Onsdag 25 sep 2019 - onsdag 25 sep 2024 Vis kart

Address: 6826 Byrkjelo

Eggenipa er med sin eigenart, ein av dei mest fotograferte fjellformasjonane i Sogn og Fjordane. Med si spisse form er fjellet blitt eit ikon for fotografar og folk på vandretur.
Fjellet ruvar 1338 m.o.h., og opplevingane er store og majestetiske. Utsikt, storslått natur, og høgdemeter er opplevingar du vil ha på turen.

Sett frå Byrkjelo står Eggenipa stram og høgreist ved inngangen til Våtedalen. Turen opp er enklare enn ein skulle tru. Frå parkeringa i Øvredalen er det ei bratt kneik opp på ryggen, og derfrå går det klyv i klyv langs ein overraskande brei fjellrygg. Ved varden kan du nyta kjensla av å verte lagd merke til.

Turen tek omlag 2,5 t opp. Start i Øvredalen - bomveg frå Egge, ca 3 km sør for Byrkjelo. På bru over elva og på merka sti opp mot ryggen. På ca. 850 moh kjem ein opp på ryggen og over tregrensa. Herifrå går stien på ryggen vidare oppover. Nokre parti med klyving.

Vis meir

Anledning

Dato    
16 Okt
Onsdag 16 okt 2019
17 Okt
Torsdag 17 okt 2019
18 Okt
Fredag 18 okt 2019
19 Okt
Laurdag 19 okt 2019

Om denne aktiviteten

  • Telefonnummer
    +47 57874040