Oldevatn Camping

Address: Mindresunde , 6788 Olden  vis kart
Beliggenhet: Stryn (Fjellområde, Innsjøområde, Ved fjorden)

Camping | Oldevatn camping ligg idyllisk til ved Oldevatnet i Stryn kommune, omkransa av fjell og brear.

Familien Sunde har skapt og drive Oldevatn Camping sidan slutten av 1960-talet. Ekteparet Vilhelm og Gullbjørg Sunde bygde opp plassen, før dattera Cecilie tok over drifta i 2016. Ho driv dag plassen med ektemannen Per-Johnny Tenden.
Campingen er eit perfekt utgangspunkt for turar, utflukter, fisking eller avslapping i flott natur. Den er også godt tilrettelagt for familiar med leikeplass og aktivitetar ved vatnet. Hovedfokuset er service og reinhald, samt eit variert aktivitetstilbod i alle aldersgrupper. Campingen byr på leikeplass, fri bruk av syklar og båtaktivitetar, samt ei mengde med turalternativ i skog og mark.
Vatnet som campingen ligg ved, er kjend som eit godt fiskevatn, der både øret og røye bit på. Har ein lyst å prøve fiskelukka er det sal av fiskekort og utstyr i kiosken å få. Campingen tilbyr utlån av båtar, kano syklar og trøbåt.
Overnatting:
Det finns 8 hytter på campingen, alle har avdelte soverom, sengetøy kan kjøpas i resepsjonen.
Hytter av høg kvalitet med moderne standard, samt ein fint opparbeidd campingplass for bobilar, campingvogner og telt.
Campingen har straumuttak og tømmestasjon for bubil og campingvogner.
Der er kiosk, resepsjon, opphaldsrom og TV-stove på området samt eit romsleg kjøken med gasskokeplater og mikrobølgeomn som gjestene kan nytte seg av med tilhøyrande sitteplassar både inne og ute. Campingen har sanitæranlegg med dusj og mulighet for vask av kle.
Gratis trådlaust internett på heile campingplassen.
Resepsjonen har eit enkelt utval av nødvendige matvarer, og serverar ferske brød og rundstykker kvar morgon.
Oldevatn Camping ligg 10 minutts køyring frå Olden sentrum, i retning Briksdal.

Fasilitetar og tenester

  • Beliggenhet
    Fjellområde Nærme naturen Landleg Ved fjorden Innsjøområde
  • Generell informasjon
    Antal rom 8
  • Generelle fasilitetar
    Gratis Wi-Fi Enkeltseng TV Dobbeltseng
  • Spesielle krav
    Barnevenleg Kjæledyr tillatt
  • Parkering
    Utandørs parkering - Gratis

Kontaktinformasjon


Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

Tlf +47 57 87 40 40

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

Tlf +47 57 87 40 40

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår

Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 03.06.2020 09:10:04, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Accommodation, Action: showdetails