Hotel Alexandra

Address: 6789 Loen  vis kart
Beliggenhet: Loen (Ved fjorden)

Hotell | Hotel Alexandra er eit førsteklasses hotell med utsikt over fjorden i Loen og mot Skåla (1848 m.o.h.). Hotellet er omkransa av høge fjell og mektig natur.

Hotel Alexandra er eit tradisjonsrikt og familiedrive hotell som er opptatt av å sikre ei bærekraftig utvikling til glede for sine gjestar, tilsette, lokalsamfunnet og framtidige generasjonar. Klimautfordringane er ei stor og viktig samfunnsoppgåve, og hotellet ynskjer å bidra.

Hotel Alexandra er kjent for sin høge kvalitet, personlege service og intime og hyggelege atmosfære. Hotellet har konferanse fasilitetar for opptil 600 personar i plenum, med fleire møteavdelingar og mange grupperom.

Alexandra har 206 rom i 8 kategoriar. Alle rom har minibar, badekåpe og tøfler. Fri Wi-Fi i heile hotellet.

I tillegg byr Alexandra på eit lekkert spa og eit stort innandørs og utandørs badeanlegg. Alexandra Bad & Spa tilbyr eit breitt spekter av velværebehandlingar for kropp og sjel. Spa-shop, innandørs og utandørs symjebasseng og vannsklie. Barnebasseng med «foss» og fleire boblebad inne og ute.

Hotellet har ulike restaurantar. I restaurant Charlotte får ein stor middagsbuffet. I Restaurant Andrine har a la carte servering. Hotellet har også eigen vinkjellar med festmenyar for mindre selskap. I Café Markus ved resepsjonen finn ein smårett-meny og bar på kveldstid. I Alexandra Bad & Spa ligg Café Zandra.

Salong Ida har bar og store romslege salongar. Alex Dancing er nattklubben på hotellet, med DJ haust-vinter-vår. Ved resepsjonen finn ein gåvebutikk. Elles byr hotellet på eit spennande leikerom og aktivitetsavdeling med biljard, snooker, shuffleboard, bordtennis, spinningrom, dart, airhockey og fotballspel, samt stort styrketreningsrom med moderne treningsutstyr.

Rett ved sidan av hotellet finn du Loen Skylift https://www.loenskylift.no/ og Via Ferrata Loen http://www.loenactive.no/

Fasilitetar og tenester

Beliggenhet
Nærme fjellområde Nærme naturen Ved fjorden Fjellutsikt
Generell informasjon
Antal etasjar 8 Antal rom 200 Antal barer 3 Bygd år 1884 24-timers innsjekk Rooomservice
Generelle fasilitetar
Balkong/terasse Sovesofa Gratis Wi-Fi Hårføner Badekar Restaurant Badstue Enkeltseng TV Dobbeltseng Innandørs symjebasseng Utendørs symjebasseng Spa Gym
Fritidsfasilitetar på området
Fotturar
Spesielle krav
Barnevenleg Røykfritt Transport til/frå flyplass
Parkering
Handicap-parkering Parkering for buss Parkering/Garasje Innandørs parkering - Avgift Innandørs parkering - Gratis Utandørs parkering - Avgift Utandørs parkering - Gratis

Kontaktinformasjon

Telefon booking
+47 57875000
Kontakt e-post

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

Tlf +47 57 87 40 40

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

Tlf +47 57 87 40 40

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår

Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 23.09.2020 19:01:06, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Accommodation, Action: showdetails