Innvik Fjordhotell

Address: 6793 Innvik  vis kart
Beliggenhet: Stryn (Ved fjorden)

Hotell | Hotellet med fjorden i hagen - i hjartet av vakre Vestlands-Norge
Ope: 01.03.-31.12.

Innvik fjordhotell finn ein i Innvik i Stryn Kommune, hotellet er sertifisert som Miljøfyrtårn og ligg heilt ved fjorden, med ein hyggeleg restaurant med fjordutsikt og har eiga badestrand. Hotellet tilbyr dagskurs for inntil 80 personar, samt kurs og konferansar med overnatting med inntil 60 personar. Det er også moglegheit for å halde bryllaup, jubileum og andre selskap her for inntil 120 personar.
Restauranten ligg på fjordsida med praktfull utsikt, 5 meter fra fjorden. Rett utanfor ligg ein uteterasse der du kan sitje og nyte ein kopp kaffi eller eit måltid mat. Hotellet er kjent for sitt gode kjøkken. Og legg stor vekt på god, heimelaga mat. Koldtbordet har mange ulike salatar, sjømat, spekemat, varmmat, dessert og kaffi, og blir også brukt i lokale samanhengar. Innvik fjordhotell lagar mat til bryllaup, konfirmasjon, fødselsdagar, firmafestar, julebord og ved andre høve. Her kan du ha selskap på huset, eller du kan bestille maten heim til deg.

Hotellet er tilpassa rullestolbrukarar og har heis.
Hotellet har også eiga sandvolleyballbane og badestampar. I frå hotellet er det korte avstandar til kjende turistmål som Briksdalsbreen, Loen skylift og Lodalen. Elles har hotellet også oversikt over rundturar ein kan gjere i Nordfjord om området rundt, som tur til Geiranger, Trollstigen og Sognefjorden. Innvik ligg midt i alt som kan opplevast på ein god norgesferie.
Hotellet har 26 dobbeltrom, 7 enkeltrom og 1 familierom, med TV på dei fleste romma.
Innvik fjordhotell ligg 17 km frå Olden og 23 km frå Loen langs R60.
Ekspressbussen Bergen-Trondheim som korresponderer med Nordjordekspressen (Stryn-Oslo), stansar ved hotellet.

Fasilitetar og tenester

  • Beliggenhet
    Nærme fjellområde Nærme naturen Ved fjorden
  • Generell informasjon
    Antal rom 34
  • Generelle fasilitetar
    Balkong/terasse Gratis Wi-Fi Restaurant TV
  • Fritidsfasilitetar på området
    Fotturar
  • Spesielle krav
    Barnevenleg Røykfritt
  • Parkering
    Innandørs parkering - Gratis

Kontaktinformasjon


Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

Tlf +47 57 87 40 40

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

Tlf +47 57 87 40 40

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår

Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 20.02.2020 15:17:56, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Accommodation, Action: showdetails