Helgesenkoret: Sankta Sunniva si reise

Område: Nordfjordeid
Arena/Place: Operahuset Nordfjord
Kategori: Arrangement , Musikk
Dato: Laurdag 18 apr 2020

Frå gregoriansk munkesong til pop, og saman med skodespelar Idun Losnegård, fortel Helgesenkoret fden vakre og dramatiske historia om den irske kongsdottera Sunniva som flykta over havet og døydde som martyr på Selja.

Dette vert tredje oppsetjing av konserten som har hausta strålande tilbakemeldingar.

Handlinga rører ved tema som likestilling, religionsfridom, båtflyktningar, vilje og mot, og den over tusen år gamle sagaen om Sankta Sunniva.

Med på scena vert det fabelaktige bandet med Olga Pavlova (fiolin), Jon Inge Sigerland (piano), Sondre Veland (trommer) og Johannes Aagaard (gitar). Dei fleste songane er arrangerte av Line Dybedal, og blant mange musikalske overraskingar kjem også ein eigenkomponert Sunnivasong skriven av Maria og Hans Helgesen.

Velkomen til ei vakker, sår og sterk oppleving!

Dato/Tid

Dato Tidspunkt Arrangementsstad
18 Apr
Laurdag 18 apr 2020 19:00 - 20:30 Operahuset Nordfjord

Kontaktinformasjon

Linker


Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

Tlf +47 57 87 40 40

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 25.03.2020 14:04:34, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails