Nordic Tenors: Viva la Musica

Område: Eid
Arena/Place: Operahuset Nordfjord
Kategori: Arrangement , Musikk, Teater og Show
Dato: Torsdag 19 mar 2020

Dei tre tenorane Roald Haarr, Sveinung Hølmebakk og Jan-Tore Saltnes serverer saman med pianist Øystein Lund Olafsen vakre klassiske perler frå operverda og musikalske høgdepunkt frå pop- og visesjangeren.

I konsertframsyninga "Viva la Musica" gjev Nordic Tenors publikum ein kveld spekka med musikalske høgdepunkt og mykje humor. “Viva la Musica» er eit spansk uttrykk som betyr “lenge leve musikken». Musikk har vore underhaldning og terapi for oss menneske gjennom tusenvis av år.



Nordic Tenors sprudlar av song- og musikkglede, og erklærer sin kjærleik til dei vakre klassiske perlene frå operaverda og til musikalske høgdepunkt frå pop- og visesjangeren. Deira nydelege stemmer har gitt mange gåsehud og uforgløymelege augeblikk. Dei sjarmerande tenorane har vunne publikum sine hjarte like mykje for sine humoristiske innslag som for sine flotte stemmer. Publikum kan derfor glede seg til både store musikalske oppleveingar og herleg humor som vil gje lattermusklane god trim!



Nordic Tenors består av tenorane Roald Haarr, Sveinung Hølmebakk og Jan-Tore Saltnes. Dei har med seg sin eminente pianist Øystein Lund Olafsen.



Gruppa har tidlegare vunne Komiprisen, vore kongelege toastmastarar, opna operaen i Oslo - og har vunne hjarta til publikum over heile landet.

Dato/Tid

Dato Tidspunkt Arrangementsstad
19 Mar
Torsdag 19 mar 2020 19:00 - 20:15 Operahuset Nordfjord

Kontaktinformasjon

Linker


Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

Tlf +47 57 87 40 40

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 13.01.2020 17:00:40, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails