Gloppen musikkfest

Område: Gloppen
Arena/Place:
Kategori: Arrangement , Musikk
Dato: Måndag 2 sep 2019 - fredag 6 sep 2019

Gloppen Musikkfest er Sogn og Fjordane sin festival for klassisk kammermusikk. Vi samarbeider tett med lokale og regionale fagmiljøa i kulturfeltet: Firda vgs og Musikk/Dans/Dramalinja der, Distriktsmusikargruppene i Sogn, Førde og Gloppen, Gloppen kulturskule, Gloppen folkebibliotek, Den kulturelle skulesekken osb. I år samarbeider vi også med kulturskulane i Førde, Sogn, Bremanger og Eid samt korpsa i Florø.

I år får Gloppen Musikkfest besøk av Kringkastingsorkestret – KORK – heile landets orkester. Publikum skal få oppleve orkesteret som heilt orkester, men også i små ensemble, som kammermusikarar og i sinfonietta – eller ”KORK i lommeformat” som vi kallar det. Musikklinjekoret skal få syngja og unge klassikarar skal fylle kultursalen med si ungdommelege entusiasme og pågangsmot. HØYR!

Og i år seier vi: HØYR! Vi har noko du kan lytte til, noko du kan gle deg over, noko du kan undre deg over, god musikk og gode musikarar, for born, unge og vaksne. Lytt til musikken, lytt til ideane som ligg bakom musikken, lat inntrykk og oppleving du ikkje får til dagleg fylle rommet, høyr - berre HØYR!

OG – når vi no har så mange musikarar å ta av sender vi dei ut: I Sogndal. Førde, Florø Bremanger, Eid og Volda vert det kammerkonsertar med KORK-musikarar og lokale musikarar, seminar, plutselege småkonsertar på arbeidsplassar m.m. - før alle møtast i Gloppen til festivalkonsertar. Og Laurdag 9.september får du ”KORK - i full breidde” på den store orkesterkonserten.

Velkomen til festival!

Dato/Tid

Dato Tidspunkt Arrangementsstad
2 Sep
Måndag 2 sep 2019  
3 Sep
Tysdag 3 sep 2019  
4 Sep
Onsdag 4 sep 2019  
5 Sep
Torsdag 5 sep 2019  

Kontaktinformasjon

Telefonnummer
47 958 42 491
Kontaktperson
Katrine Anita H. Heggelund
Kontakt e-post
[email protected]
Nettside
https://www.gloppenmusikkfest.no/

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

Tlf +47 57 87 40 40

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt