Hornindal rundt, Norges tøffaste fjelløp

Område: Hornindal
Arena/Place:
Kategori: Arrangement , Sport og Fritid
Dato: Laurdag 6 jul 2019

Hornindal rundt er eit fjelløp og ultraløp som går i eit flott skog og fjellterreng i Hornindal kommune. Løpet er 75 km langt, har ei total stigning på 5600 meter og passar for trena mosjonistar så vel som erfarne maraton- og ultraløpara. Utanom ein matstasjon ved 38 km vert det lagt opp til at løparane er sjølvforsynte med mat gjennom løpet.

All påmelding skjer på nettsida. For påmeldingsfrist sjå: www.hornindalrundt.no.

Ordinært løp
Løparane må innom 20 trimpostar under løpet. Postane ligg rundt om i fjellandskapet i heile Hornindal. Løypa går frå lågland til fjelltopp, ned til setrar, opp på toppar og ned igjen. Løypa er merka med prikkar og band, medan på postane er det o-postar og tenger for registrering på løparkort. Under løpet må løparane melde seg på 9 forskjellige bemanna kontrollpostar. Dette for sikkerheitsgrunnar og registrering av mellomtider som vert lagt ut på nettsida under løpet.

Antatt løypetid ligge mellom 15 og 30 timar. Det er innlagt ein post med stopptid/makstid (cutoff): Storesetra, 19 timar.

Løpet har tre greiner:

* Heilt løp: 75 km, ca. 5600 høgdemeter og 20 gjeldande postar.
* Halvt løp: 38 km, ca. 2900 høgdemeter og 11 gjeldande postar.
* Mini løp: 6 km. Sandgrova via Muldsvorhornet til Horndøla bru. Utan førehandspåmelding. Utan konkurranse.

Velkommen til ein vakker tur i variert natur!

Dato/Tid

Dato Tidspunkt Arrangementsstad
6 Jul
Laurdag 6 jul 2019 06:30 - 00:00  

Kontaktinformasjon

Telefonnummer
47 480 00 008
Kontaktperson
Svein Otto Espe
Kontakt e-post
[email protected]
Nettside
http://www.hornindalrundt.no/

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

Tlf +47 57 87 40 40

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt