Mannen frå La Mancha

Location: Nordfjordeid
Arena/Place: Operahuset Nordfjord
Category: Events, Music
Date: Friday 9 oct 2020

Den verdskjende musikalen er Opera Nordfjord sin hovudproduksjon hausten 2020.

Mannen frå La Mancha (The Man of La Mancha) er ein musikal frå 1965 av Dale Wasserman, med tekst av Joe Darion, musikk av Mitch Leigh og nynorsk omsetting ved Hartvig Kiran. Den er basert på Wasserman sitt TV-teater I, Don Quixote, som igjen var inspirert av Miguel de Cervantes og hans roman Don Quixote frå 1700-talet. Den fortel historia om den galne riddaren Don Quixote, som eit spel i spelet, framført av Cervantes og hans medfangar, medan han ventar på ei høyring under Den spanske inkvisisjonen.

Den originale 1965 Broadway-produksjonen vart framført 2328 gongar og vann fem Tony Awards, inklusive Best Musical. Musikalen er ein av dei kjæraste og mest populære innan musikkteater-sjangeren. Den vakre songen The Impossible Dream er den mest kjende frå musikalen.

Den gamle mannen Miguel de Cervantes, ein totalfiasko i sine karrierer både som skodespelforfattar, diktar og skatteoppkrevjar, ventar i fengsel på sin rettargong for eit lovbrot mot Kyrkja. Hans medfangar trugar med å konfiskere hans få, men kjære eigedelar, mellom anna det uferdige manuskriptet til romanen "Don Quixote". For å redde det foreslår han å forsvare seg ved å underhalde dei, og Cervantes og hans trufaste tenar forvandlar seg til Don Quixote og Sancho Panza. Dei rir på hestar, dansar flamenco og kjempar for vakre kvinner og engasjerer medfangane til å spele forskjellige roller.

Handlinga i romanen går føre seg på ei vegkro, der den fagre heltinna er servitrisa Aldonza. Kroverten tildelar Don Quixote hans riddarskap. I ein kamp med sin mørke fiende Enchanter bukkar han under og vert tvinga til å innsjå at han er ein ynkeleg klovn.
Historia om Don Quixote har gripe medfangane så djupt at dei returnerer manuskriptet til Cervantes og følgjer han på veg til inkvisisjonen.

Date/Time

Date Time Arena/Place
9 Oct
Friday 9 oct 2020 6:30 PM - 9:30 PM Operahuset Nordfjord

Contact information

Contact person name
Kari Standal Pavelich
Contact person email
[email protected]

Links


Customer Service

Our local knowledge, your experiences.

Tlf +47 57 87 40 40

E-mail to [email protected]

Terms & Conditions


Book with us

  • Official bookingsite for Nordfjord
  • No booking fees
  • Secure online payment
  • Quick and easy
Build: 7/7/2020 3:54:02 PM, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails