Pianokonsert med Norvald Dahl

Location: Eid
Arena/Place: Operahuset Nordfjord
Category: Music
Date: Thursday 30 jan 2020

Norvald Dahl - "Flying High" - Solokonsert med plateslepp. Bli med på operascena og opplev den sunnmørske jazzpianisten framføre eige materiale på den fabelaktige Fazoli-flygelet.

Vent deg ein suggererande oppleving med blanding av jazz, folkemusikk, pop og moderne klassisk når pianisten Norvald Dahl "går solo”. Med alt frå melodiøse improvisasjonar til tøffe klangar og folketonar, fyller Norvald Dahl rommet med god stemning.



Denne kvelden sit Dahl åleine ved det fabelaktige Fazioli-flygelet, men heilt åleine blir han ikkje sidan du som publikum sit tett på oppe på sjølve scena. Der får du mellom anna høyre låtar frå den ferske plata "Flying High", som er spelt inn i Fosnavåg konserthus med moderne romklangteknologi. Under konserten i Operahuset Nordfjord vil du få høyre eigenkomponert materiale frå plata, og gjerne kjende melodiar i eigne arrangement



Dette seier den amerikanske jazzmusikaren Jonathan Kreisberg om Flying High:

"Norvald Dahl has recorded a set of beautiful and highly personal piano improvisations. At times, the crystalline and patient statements sound like they could be an homage to the unique meeting of mountains and sea that takes place in his native region of Møre og Romsdal, Norway. Fans of creative solo piano and audiophile recordings will surely add this to their list of favorites".



Dei siste åra har sunnmøringen tatt mastergrad i jazzimprovisasjon ved Norges Musikkhøyskole i Oslo, og før det arbeidde han som pianist og pianopedagog i Bergen i om lag ti år. Han har leia ei rekkje musikalske prosjekt både nasjonalt og internasjonalt, og han er mykje nytta som frilansar.



"Flying High" er den andre plata han har spelt inn som del av masterstudiet på musikkhøgskulen. På den første innspelinga hadde han med seg den amerikanske saksofonisten Jon Irabagon og bassist Mats Eilertsen og det førte til albumet "Organic Chamber".



Denne kammerjazz-plata fekk fine kritikkar i pressa:

“This album is a treasure chest of musical gems, which can be discovered anew with each consecutive listening session." ("The Soundtrack of my life", by Adam Baruch - 2018)

"Tøft og annerledes! (...) Norvald Dahl byr på noe helt eget", omtale av kritikar Tor Hammerø.

Date/Time

Date Time Arena/Place
30 Jan
Thursday 30 jan 2020 7:00 PM - 8:30 PM Operahuset Nordfjord

Contact information

Links


Customer Service

Our local knowledge, your experiences.

Tlf +47 57 87 40 40

E-mail to [email protected]

Terms & Conditions


Book with us

  • Official bookingsite for Nordfjord
  • No booking fees
  • Secure online payment
  • Quick and easy
Build: 1/13/2020 5:00:40 PM, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails