Glopperock 2020

Location: Gloppen
Arena/Place:
Category: Festival, Music

Glopperock fyller 40 år og skal tilbake til Jølet.

Norge sin eldste rockefestival rundar 40 år. I den samband vil arrangørane tilbake til festplassen på Nordfjord Folkemuseum, på folkemunne også kjent som berre Jølet. –Vi nærmar oss vel fast plass på eit museum uansett, så kanskje like greitt å gjere det frivillig, fortel festivalsjef Remi Tystad med eit smil rundt munnen. No er han og dei andre arrangørane i Gloppen Musikkforum klare for ein ny festival.

I mange år var Glopperock ein av få rockefestivalar i landet og tiltrekte seg store namn frå både inn- og utland til Jølet. Dei seinare åra har konkurransen vorte hardare med fleire nye festivalar i nærområdet. Dermed har arrangørane skalert ned arrangementet og hatt mindre festivalar med sentrumskonsertar og klubbkonsertar. Men når festivalen rundar 40 år, måtte dei tilbake til røtene. Og det er grønt gras og stor scene i Jølet.
-Vi både gruar og gler oss til å kome tilbake til Jølet, seier Tystad. Gruar oss sidan det er ein del ekstra arbeid med å bygge opp eit festivalområde i Jølet, men gler oss sidan det er ein heilt fantastisk konsertarena. Det er på ein måte heimen til Glopperock.

Utanom konsertane ynskjer arrangørane å skape ei anna oppleving i Jølet. Saman med lokale matprodusentar ynskjer dei å tilby lokale delikatesser til festivalpublikummet i staden for den vanlege festivalmaten. I tillegg vert det konsert på Gloppen hotell fredagen og familiekonsert i Trivselsskogen på søndagen.

Contact information

Contact person email
[email protected]
Website
http://www.glopperock.no

Customer Service

Our local knowledge, your experiences.

Tlf +47 57 87 40 40

E-mail to [email protected]

Terms & Conditions


Book with us

  • Official bookingsite for Nordfjord
  • No booking fees
  • Secure online payment
  • Quick and easy
Build: 9/23/2020 7:01:06 PM, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails