Nøtteknekkaren
Opplev ein av dei aller mest kjende ballettane i verda, med Ørsta og Volda ballettskule og symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda.
120 dansarar frå Ballettskulen i Ørsta og Volda set saman med Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda opp Nøtteknekkaren i Operahuset Nordfjord!
Nøtteknekkaren er ein av dei aller mest kjende ballettane i verda, og passar både for barn og vaksne. Balletten er basert på eventyret "Nøtteknekkeren og musekongen" skrive av den tyske, romantiske forfattaren E. T. A. Hoffmann i Berlin i 1816. Alexandre Dumas sin versjon av historia fra 1844 vart i 1892 gjort til ein ballett av Peter Tsjajkovskij, originalt koreografert av Marius Petipa og uroppført i St. Petersburg.
Ørsta og Volda ballettskule sin versjon ligg nært opp til originalen, men med litt norsk vri.
Koreografiansvarleg: Analu Zidko
Dirigent for orkesteret: Michael Pavelich
Lysdesignar: Ovar Holmen
Date/Time
Date | Time | Arena/Place | |
---|---|---|---|
25
Jan
|
Saturday 25 jan 2020 | 4:00 PM - 6:30 PM | Operahuset Nordfjord |
Contact information
Contact person email | ||
[email protected] | ||
Website | ||
http://www.operahuset.no |