Vestland, Vestland

Location: Eid
Arena/Place: Operahuset Nordfjord
Category: Events, Music, Theater and Show
Date: Thursday 3 sep 2020

Sigrid Moldestad og Claus Sellevol står på scena i dette humoristiske teaterstykket. Finn Tokvam skriv teksten, inkludert ei rekkje songar som er tonesette av Odd-Erik Lothe.

Urpremiere! I dette humoristiske teaterstykke «Vestland, Vestland» får publikum vite ein heil del om Sogn og Fjordane og Hordaland som dei sikkert alltid har lurt på, og ein heil del som dei ikkje visste at dei lurte på.

Kva skjedde på Gulatinget?
Låg dei tyske keisarane med damene på S-laget?
Går det an å flørte i dalatrekk?
Er det trist når nabosvinet døyr?
Kva har skjedd og kor er vi på veg?
Kort sagt: Kven er vi?

Framsyninga er ei gåvepakke frå Teater Vestland og Det Vestnorske Teateret til alle innbyggarane i det nye fylket. Ei rekke påstandar, særpreg og historiske hendingar blir presenterte, gjenskapte, diskuterte og avklarte, slik at vi kan vandre vidare saman.



På scena står Claus Sellevoll frå Alversund i Nordhordland og Sigrid Moldestad frå Breim i Nordfjord. Finn Tokvam har skrive teksten, inkludert ei rekke songar som er tonesette av Odd-Erik Lothe. Arvid Ones har regien. «Vestland, Vestland» er produsert av Teater Vestland og Det Vestnorske Teateret.


Av Finn Tokvam. Regi Arvid Ones. Lysdesign Krystian Myska. Komponist Odd-Erik Lothe.

Medverkande: Claus Sellevoll og Sigrid Moldestad

Date/Time

Date Time Arena/Place
3 Sep
Thursday 3 sep 2020 7:00 PM - 8:30 PM Operahuset Nordfjord

Contact information

Contact person email
[email protected]
Website
http://www.operahuset.no

Links


Customer Service

Our local knowledge, your experiences.

Tlf +47 57 87 40 40

E-mail to [email protected]

Terms & Conditions


Book with us

  • Official bookingsite for Nordfjord
  • No booking fees
  • Secure online payment
  • Quick and easy
Build: 12/11/2019 1:33:30 PM, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails