Nyttårkonsert

Location: Eid
Arena/Place: Operahuset Nordfjord
Category: Events, Music
Date: Saturday 11 jan 2020

Sunnivakoret, Ytre Suløens Jassensemble og Tricia Boutte ønskjer velkomne til ein frisk start på 2020 i operahuset i nye Stad kommune!

Kjekt å vere tilbake i Nordfjord si storstove, Operahuset på Nordfjordeid! Det er seks år sidan sist, då markerte vi 10-års jubileum for Sunnivakoret. Denne gongen kan vi også markere eit rundt tal, nemleg 15. året Sunnivakoret og Ytre Suløen har nyttårskonsertar ilag. Sidan 2006 har dette vore ein tradisjon. Og, ikkje minst, vi markerer starten for den nye Stad kommune. Kva passar då vel betre enn ein frisk nyttårskonsert med koret som vart etablert nettopp med tanke på å formidle den vakre historia om St Sunniva, landet sin einaste kvinnelege helgen, og som sjølvsagt også har fått sin rettmessige plass på det nye kommunevåpenet.

Sunnivakoret har halde langt over hundre konsertar sidan starten i 2003 og håper framleis å kunne halde på i fleire år til. Nyttårskonsertane har vore svært godt besøkt der vi har vore desse åra, nokre stadar fleire gongar. Dog er vi inne i ei tøffare tid reint økonomisk, så vi håper difor at den gode trenden held seg oppe også når vi no går inn i det nye tiåret. Då kan dette flotte koret halde fram å gi folk gode opplevingar, framleis under leiing av vår eminente dirigent, Per Oddvar «Prots» Hildre.

Ytre Suløens Jassensemble fortener eit eige avsnitt sjølvsagt, sjølv om dei er vel kjende over stort sett heile landet, og etter kvart i mange andre land, takka vere sine dyktige musikarar og friske New Orleans-jazz. Knapt til å sitje i ro når dei set i gong og vi har det utruleg kjekt saman på scena. Gruppa har naturleg nok også endra litt på besetninga sidan oppstarten på 70-talet, men kvaliteten held utan tvil same høge nivået. Grand old man, Einar Årø, med røter på Slagnes i Vanylven, har imidlertid ikkje lagt inn årane, trass sine over 80 år, og er einaste igjen av det opprinnelege ensemblet. Men banjoen går fortsatt som ei kule og glimtet og smilet er det same! Med to utflytte nordfjordingar i tillegg, David Gald (Stryn) og Eids Andreas Rotevatn har også Suløen lokal forankring så det held. Og med norsk-neworleanske Tricia Boutte som «rosinen i pølsa» kan dette vanskeleg bli betre koroppbacking!

Vi ønskjer med dette velkomen til ein frisk start på 2020 i Operahuset i den nye Stad kommune!

Arrangør: Sunnivakoret

Date/Time

Date Time Arena/Place
11 Jan
Saturday 11 jan 2020 6:00 PM - 7:30 PM Operahuset Nordfjord

Contact information

Contact person email
[email protected]
Website
http://www.operahuset.no

Links


Customer Service

Our local knowledge, your experiences.

Tlf +47 57 87 40 40

E-mail to [email protected]

Terms & Conditions


Book with us

  • Official bookingsite for Nordfjord
  • No booking fees
  • Secure online payment
  • Quick and easy
Build: 12/11/2019 1:33:30 PM, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails